Kurt Hermann Eduard Karl Julius Schwitters (20.
juni">20. juni 1887–8. januar 1948) var ein tysk kunstnar som er særleg kjend for ein collageteknikk som han sjølv kalla Merz. Han gav også ut eit tidsskrift som heitte Merz (1923-32). Schwitters sin produksjon, som vert rekna til stilretninga dadaisme, omfattar både måleri, grafikk, typografi og skulptur, med meir.
Kurt Schwitters | |
Pseudonym | Kurt Merz Schwitters |
Statsborgarskap | Kongedømet Frankrike |
Fødd | 20. juni 1887 Hannover |
Død | 8. januar 1948 (60 år) |
Yrke | kunstmålar, bilethoggar, grafisk designar, skribent, lyrikar, designar, fotograf |
Politisk parti | Sozialdemokratische Partei Deutschlands |
Sjanger | abstrakt kunst |
Medlem av | Deutscher Werkbund, die abstrakten hannover |
Far | Eduard Hermann Schwitters |
Ektefelle | Helma Schwitters |
Born | Ernst Schwitters |
Kurt Schwitters på Commons |
Schwitters var fødd i Hannover i Tyskland. Etter kunststudiar ved kunstakademiet i Dresden i tida 1909-14, saman med mellom andre Otto Dix og George Grosz, vende Schwitters heim til Hannover og byrja på sitt kunstnarliv som postimpresjonist. Etter som han leid av epilepsi, slapp han å verte innkalla til krigsteneste under fyrste verdskrigen. Men kunsten hans vart påverka av krigen og arbeida hans vart stendig dystrare og meir ekspresjonistiske i uttrykket.
I juni 1918 stilte Schwitters ut fleire semi-abstrakte, ekspresjonistiske landskap på Herwarth Walden sitt galleri Der Sturm i Hannover. Utstillinga førte til at han kom i kontakt med medlemer av avantgarden i Berlin, mellom dei Raoul Hausmann, Hannah Höch og Hans Arp.
Schwitters heldt fram å skape verk i ein hovudsakleg ekspresjonistisk stil til året 1919. Hans fyrste abstrakte collage, særleg påverka av Arp, skapte han i slutten av 1918. Collageteknikken sin gav han namnet Merz, etter ein bit frå teksten Commerz Und Privatbank i collaget Das Merzbild frå vinteren 1918-19. Mange år seinare, i 1937, vart Das Merzbild synt fram som eit sentralt bilete i utstillinga Entartete Kunst ('degenerert kunst'). Biletet var utstilt under frasen 'Nehmen Sie Dada Ernst', før nazistane kort tid etterpå øydela måleriet.
Det store gjennombrotet for Schwitters skjedde i slutten av 1919, etter hans fyrste separatutstilling på Der Sturm-galleriet, saman med publiseringa i august det året av det dadaistiske kjærleiksdiktet An Anna Blume. Han vidareutvikla merzmetoden på fleire andre felt enn måleri, også i skulpturar, noko som førte til at han laga rom-installasjonar som han kalla Merzbaue. I same ånd forma han lyd-diktet Ursonate frå 1922-32, eit diktverk som einast består av abstrakte fonem.
Schwitters flykta frå Nazi-Tyskland i 1937, det året verket hans vart utstilt av nazistane til spott og spe. Han busette seg då i Noreg, der han hadde opphalde seg i periodar tidlegare på 1930-talet. Mellom andre stader budde han på Hjertøya ved Molde. Seinare for han til Storbritannia, der han døydde i 1948.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kurt Schwitters, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.