Knut Nystedt

Knut Nystedt (3.

september">3. september 19158. desember 2014) var ein norsk komponist, dirigent og organist som er mest kjend for kormusikken og kyrkjemusikken sin. Han debuterte som organist i 1938 og som dirigent i 1945.

Knut Nystedt
Knut Nystedt
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. september 1915
Christiania
Død

8. desember 2014 (99 år)
Oslo

Yrke komponist, musikar, dirigent, korleder, universitetslærar
Medlem av Academia Nacional de Bellas Artes de Argentina
Nettstad http://www.knutnystedt.com/
Knut Nystedt på Commons

Livsløp

Knut Nystedt vart fødd i Oslo. På 1930-talet studerte han orgel, komposisjon og orkestdirigering med Arild Sandvold, Bjarne Brustad og Per Steenberg som lærarar. I 1947 hadde han studieopphold i USA, og hadde Ernest White og Aaron Copland som lærarar. Han var organist ved Lilleborg kirke 1938–1946 og ved Torshov kirke 1946–1982. Frå 1964–1985 var han professor i kordireksjon ved Universitetet i Oslo, og i den samanhengen skipa han og dirigert koret Schola Cantorum. Mest kjend er han nok som skipar og kunstnerisk leiar for Det Norske Solistkor 1950–1990, og han har reist på turne med koret i mange land.

Stil

Som komponist har Nystedt stått sentralt gjennom ein periode med ulike musikalske straumdrag. Stilmessig ser vi mykje påverknad frå folkemusikk og renessansemusikk, særleg i den tidlege perioden. På 1940- og 1950-talet finn vi fleire nyklassiske trekk, medan han på slutten av 1950-talet står fram med impresjonistiske og radikale trekk. Folkemusikken finn vi att i seinare verk, t.d. på 1980-talet.

Prisar

Nystedt har fått fleire prisar og utmerkingar for arbeidet sitt. Han vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1966. Tittelen hans vart forfremja til kommandør av same orden i 2005. Nystedt har òg vunne Norsk kulturråds musikkpris i 1980, og Spellemannprisen i 1978 for albumet Contemporary Music From Norway. I 1998 vann han Edvard-prisen sin ærespris. I 1993 fekk han Lindemanprisen.

I 1975 vart Nystedt tildelt "Distinguished Service Citation" ved Augsburg College (Minneapolis) for innverknaden sin på korpomposisjon i USA. Han er også utnemnd som æresprofessor ved Universitetet i Mendoza, Argentina (1991).

Knut Nystedt  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Knut Nystedt
Knut Nystedt  Denne musikarartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

191520143. september8. desemberDirigentKomponistKorKyrkjeNoregOrganist

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Den apostoliske truvedkjenningaNasjonalplantarLundefuglSaltYou av Robin StjernbergPeter HolmSlaget ved WienVest-TysklandKirunaBjørnstjerne BjørnsonPolenEselHongkongRhinenSionistAnarkokapitalismeIsraelHøgaste fjell i Noreg etter primærfaktorNord-DakotaVériaLøveKrag-Jørgensen-rifleSkandinaviaAlaskaHundre års ensomhetBodø kommuneGardasjøenUrfolk i USALærdalstunnelenGranadaMickey RaphaelFotball-VM 1982Q.E.D.MeslingarNasjonaldyrOslo kommuneDen sahrawiske arabiske demokratiske republikkenSan Marino i San MarinoVM i fotball 2022SvalbardtraktatenDholKrysantemumLitauenScrabbleIndonesiaDen siste nattverdenKulturminne9. oktoberEgil ØstenstadKreftDag HammarskjöldMenneskekraftMoney for NothingNintendo 3DSGeitetårnElektrisk filterSigmaMetroland av Mark KnopflerRubjerg Knude FyrNéa ZíkhniSilvestre y La NaranjaRowan AtkinsonTerry WilliamsFilmen Harry Potter og FøniksordenenMargit Stórá1799Jon FosseIonaOs kommune i HordalandEllen NikolaysenDet ville vestenGrunnstoff🡆 More