Ketsalar

Ketsalar er fuglar i trogonfamilien, Trogonidae, med sterke, klåre farger.

Ketsalar
Praktketsal, Pharomachrus mocinno Foto: D.Hatcher
Praktketsal, Pharomachrus mocinno
Foto: D.Hatcher
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Trogoniformes
Familie: Ketsalar Trogonidae

Dei finst i skog, spesielt i fuktig høgland, med fem artar frå slekta Pharomachrus utelukkande neotropiske, medan den eine Euptilotis-arten er nesten heilt avgrensa til vestlege Mexico, marginalt òg i tilstøytande statar i USA. Dei har iriserande grøne eller gyllengrøne farger på vengdekkarar, rygg, bryst og hovud, og dei har raud buk og underside. Dei viser sterkt kjønnsdimorfisme i fjørdrakta, delar av fjørdrakta hos hoer er brun eller grå. Desse fuglane lever hovudsakleg einslege av frukt, bær, insekt og små virveldyr som froskar. Trass den klåre fjørdrakta, kan dei vere overraskande lite synlege der dei lever i skogkledde habitat.

Etymologi

Fellesnamnet 'ketsal' er frå nahuatl quetzalli, 'store briljante halefjør' eller 'haledekkfjør' frå ketsalar, rota quetz, 'stå opp', brukar ein for å referere til fjørpryd.

Nemninga 'ketsal' vart opphavleg brukt berre for arten praktketsal, Pharomachrus mocinno, den berømte langhala ketsalen i Sentral-Amerika, som er nasjonalfuglen i Guatemala. Framleis refererer ofte ketsal til denne arten spesifikt, men ketsal er òg fellesnamn for alle artar av slektene Pharomachrus og Euptilotis.

Slektnamnet Pharomachrus er frå gresk pharos, 'kappe', og makros, 'lang', det refererer til veng og haledekkfjør hos praktketsal.

Artslista

Ketsalar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.2, 2021, med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:

Slekt Euptilotis

  • Øyreketsal, Euptilotis neoxenus, Eared Quetzal, (Gould, 1838), (LC)

Slekt Pharomachrus

  • Amazonketsal, Pharomachrus pavoninus, Pavonine Quetzal, (Spix, 1824), (LC)
  • Svarthaleketsal, Pharomachrus auriceps, Golden-headed Quetzal, (Gould, 1842), (LC)
  • Bronsekroneketsal, Pharomachrus fulgidus, White-tipped Quetzal, (Gould, 1838), (LC)
  • Praktketsal, Pharomachrus mocinno, Resplendent Quetzal, La Llave, 1832, (NT)
  • Krøllketsal, Pharomachrus antisianus, Crested Quetzal, (d'Orbigny, 1837), (LC)

Kjelder

Referansar

Bakgrunnsstoff

Ketsalar  Commons har multimedium som gjeld: Ketsalar

Tags:

ArtBiologisk slektBærFjørFjørdraktFroskarFruktFuglarHabitatInsektKjønnsdimorfismeMexicoNeotropiskTrogonfamilienUSAVirveldyr

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

TonsillISO 8601Raimbaut d'OrangeMount EverestDen norske språkstridenBjørnstjerne BjørnsonSamiske slektsnamnGarden KatthultLemmingAtle HansenHelena BrodtkorbKolL27-årsklubbenFinnøyBrennverdiJordaAspropótamos i TríkalaBodø kommuneNasjonalbiblioteketStrilamålIndiaDas KapitalAust-ArjithéaRaudstrupeWikipediaAsker kommuneRimBiologisk familieFossekallHurtigrutaMP3GesimsPalamásStavanger kommuneTidvatnAlmyrósAkhelóos i KardítsaRonja RøverdatterLoddeOrbitalGjegnabuMayo ClinicKjerringa med stavenIltalehtiMøre og Romsdal fylkeBrunEventyrSpedbarn2019Arian EngebøJonas LieGlimmerAfrikaOdd NordstogaAugust den sterkeOverarmsbeinHenrik II av EnglandEnglandRoger KjendalenVinter-OL 1988JærenAegisAsh Sharqiyah-regionen i OmanAudrey HorneTaekwondoStian AasenTorstein FlakneWattensVictoria av SverigeNato-alfabetetNyrekapsel🡆 More