Karim Benzema (fødd 19.
desember">19. desember 1987 i Lyon i Rhône-departementet) er ein fransk fotballspelar som har spelt for Real Madrid i spansk Primera Division og for det franske landslaget. Foreldra hans er berbarar frå Algerie.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 19. desember 1987 | ||
Fødestad | Lyon | ||
Høgd | 187 cm | ||
Posisjon | Angrepsspelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Real Madrid | ||
Nummer | 9 | ||
Ungdomsklubbar | |||
1995-96 1996-2004 | Bron Terraillon Lyon | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2004-09 2009- | Lyon Real Madrid | 112 (43) 33 (10) | |
Landslag | |||
2006-07 2007- | Frankrike U21 Frankrike | 5 (0) 31 (10) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 16. oktober 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 12. oktober 2010 |
Benzema har vorte seriemeister i Frankrike med Olympique Lyonnais i 2005, 2006, 2007 og 2008. Dei to første av desse sesongane spelte han under halvparten av seriekampane, men frå 2006/07-sesongen spelte han jamt på laget til Lyon. I 2007/08-sesongen vart han kåra til årets spelar i den franske toppdivisjonen, og var òg toppskårar. Sommaren 2009 gjekk han til den spanske toppklubben Real Madrid for om lag 35 millionar euro.
Benzema var med på det franske laget som vart U17-europameistrar i 2004. Han kunne òg ha spelt for Algerie sitt landslag og vart vald ut til Algerie sitt A-landslag i desember 2006, men valde å spela for Frankrike sitt landslag. Han debuterte for Frankrike sitt A-landslag 28. mars 2007 i ein landskamp mot Austerrike, der han òg vart matchvinnar med det einaste målet i kampen. Benzema var med i Frankrike sin tropp til fotball-EM i 2008, der han spelte to av Frankrike sine tre kampar frå start. Han vart ikkje teken ut i troppen til fotball-VM i 2010 i Sør-Afrika.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Karim Benzema, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.