Judas Iskariot var ein av læresveinane til Jesus og ein av dei tolv som vart utvalde til apostlar.
Han er kjend som svikaren, og før Jesus vart avretta på krossen, tok han sjølv livet sitt.
Judas Iskariot | |||
| |||
Fødd | Iudaea | ||
---|---|---|---|
Død | Jerusalem | ||
Tittel | apostel | ||
Opptrer i | Jesu siste freisting, Judasevangeliet | ||
Land | Iudaea |
Tilnamnet Iskariot tyder ein mann frå Keriot. Judas høyrde til Juda stamme, og han var den einaste av apostlane som ikkje var frå Galilea.
Judas kom til å spele ei sentral rolle i forkant av Jesu liding og død. Etter at nattverden var innstifta, gjekk han ut for å varsle yppersteprestane om kor Jesus var. For 30 sølvpengar forrådde han Jesus med eit kyss, men da han såg at dei dømde Jesus, angra han, kasta pengane inn i tempelet og gjekk sjølv og hengde seg. Sidan vart Mattias vald som apostel i staden for han.
Det apokryfe Judasevangeliet skal skildre samtalane mellom Jesus og Judas dei siste dagane før Judas utleverte Jesus til yppersteprestane. I tradisjonell overlevering har han ei meir negativ rolle. Ifølgje Johannesevangeliet var det Judas som passa pengekassen til læresveinane, men han var uærleg og stal av pengane.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Judas Iskariot, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.