Jennifer Lynn López, også kjend som J.
Lo, (fødd 24. juli 1969) er ein amerikansk skodespelar av puertorikansk opphav. Ho har òg markert seg som songar, motedesignar og dansar.
Jennifer Lopez | |||
| |||
Fødd | 24. juli 1969 (54 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bronx | ||
Fødenamn | Jennifer Lynn Lopez | ||
Alias | J.Lo | ||
Aktive år | 1986– | ||
Verka som | filmskodespelar, filmprodusent, dansar, filmregissør, koreograf, songar-låtskrivar, musikkprodusent, fjernsynsskodespelar, motedesigner, sjølvbiograf, restauratør, ansvarlig produsent, stemmeskodespelar, fjernsynsprodusent, modell | ||
Mor | Guadalupe Rodriguez | ||
Far | David Lopez | ||
Ektefelle | Marc Anthony, Cris Judd, Ojani Noa, Ben Affleck | ||
Sambuar | Alex Rodriguez, Sean Combs, Drake, Ben Affleck, Marc Anthony, Ojani Noa, Cris Judd | ||
Born | Emme Anthony, Maximilian David Anthony | ||
Prisar | Billboard Music Award for Icon, Crystal Award, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Time 100, GLAAD Vanguard Award |
Lopez er fødd og oppvaksen i Castle Hill, eit nabolag i Bronx i New York. Foreldra hennar kjem frå Puerto Rico, og faren, David Lopez, er ein dataspesialist og mora, Guadalope, er ein førskulelærar. Ho har to søstrer som heiter Lynda og Leslie. Lopez vart oppdregen som katolikk. Ho gjekk på Preston High School, ein katolsk jenteskule i Bronx. Ho ville følgja ein stor draum, og forlét derfor mora og faren då ho var 18 år. Ho fekk jobb i eit advokatfirma og tok dansejobbar på kvelden og natta, og var samtidig heimlaus i ein liten periode.
Starten av karrieren hennar byrja med ei lita rolle i filmen My Little Girl i 1987. I 1991 fekk ho jobb som dansar i komedieprogrammet In Living Color, der dansarane i programmet vart kalla «Fly girls». I 1993 forlét ho programmet, og vart mellom anna bakgrunnsdansar for Janet Jackson i musikkvideoen That's The Way Love Goes. Etter kvart fekk ho fleire småroller og nokre få hovudroller i filmar, mellom anna med Jack Nicholson i filmen Blood and Wine og med Robin Williams i filmen Jack. Ho var vald ut til hovudrolla som avdøde tejano-songaren Selena Quintanilla-Pérez i filmen Selena i 1997, etter ein audition. Då tok karrieren hennar av. Dette er den mest minneverdige filmen hennar gjennom karrieren hennar, som gav henne ein Golden Globe-nominasjon for beste kvinnelege hovudrolle i ein film.
Ho heldt fram filmkarrieren sin, men fekk i 1999 ein platekontrakt i Epic Records. Det første albumet hennar heitte On The 6 og hadde 2 store hiter dette året: «If You Had My Love», som låg på førsteplass på topplistene i fleire land, og «Waiting For Tonight». Ho er den første og einaste kvinna som toppa listene samtidig i USA med eit album og ein film, med albumet J.Lo og filmen The Wedding Planner i 2001. Jennifer Lopez har gitt ut 8 studioalbum og 3 samlealbum. Ho har andre hittar som «Love Don't Cost a Thing», «Jenny From The Block», «I'm Real (Murder Remix)» og «On The Floor». «On The Floor», som kom ut i 2011, låg på førsteplass på hitlistene i 26 land.
Ho var på den første turneen sin i Nord-Amerika med den dåverande ektemannen sin Marc Anthony i 2007. Første verdsturné var i 2012, og det året gav ho òg ut eit Greatest Hits-album kalla Dance Again... The Hits. I 2016 starta ho sin første residency show i Las Vegas, same som ein konserturne, men berre i eit lokale. Artistar som Mariah Carey, Britney Spears, Céline Dion og Shania Twain har òg sine eigne residency shows i Las Vegas.
Ho har vore med i ei rekkje reklamekampanjar, og vore framsidejente for blad som Cosmopolitan, Marie Claire og Seventeen. Ho har sitt eige klesmerke, J.Lo, og har late fleire parfymar bli utvikla for merket sitt, mellom anna «Glow By J.Lo», «Still», «Miami Glow», «Live», «Deseo», «Deseo Forever» og «Live Blue». Desse har selt over 100 millionar tilsaman verda over. Ho har vore kåra til årets mest sexy kvinne i fleire magasin.
I den seinare karrieren hennar har ho vore dommar i songkonkurransen American Idol (2011-2012, 2014-2016), talentkonkurransen Q'Viva! The Chosen (2012) og i dansekonkurransen World Of Dance (2017). I 2016-2017 hadde ho ei hovudrolle i 2 sesongar i krim- og dramaserien Shades Of Blue. Ho har produsert fleire tv-konsept, mellom anna familedramaserien The Fosters.
Ho har fått fleire prisar og utmerkingar for karrieren sin, mellom dei stjerne nr. 2500 i songkategorien i Hollywood Walk of Fame i 2013 og var den første kvinna til å vinna ein ikon-pris på Billboard Music Awards i 2014.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Jennifer Lopez, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.