Selena Quintanilla-Pérez (16.
april">16. april 1971–31. mars 1995), ofte berre omtalt som Selena, var ein amerikansk songar og låtskrivar av meksikansk opphav. Ho stod på Billboard si liste over dei fremste latino-songarane på 1990-talet og den mestseljande latinske artisten i same tiår. Fjorten av singelane hennar kom inn blant dei ti øvste (topp ti) på latino-songlistene, og sju av singelane tok førsteplassen. Selena vart myrda 31. mars 1995.
Selena Quintanilla-Pérez | |||
| |||
Fødd | 16. april 1971 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Lake Jackson | ||
Død | 31. mars 1995 (23 år) | ||
Dødsstad | Corpus Christi | ||
Fødenamn | Selena Quintanilla | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1982–1995 | ||
Sjanger | pop, soul, Tejanomusikk, moderne R&B, latino-pop, rhythm and blues, Mariachi, Cumbia | ||
Instrument | vokal | ||
Stemmetype | mezzosopran | ||
Plateselskap | Q-Productions, EMI Latin, Capitol Records, EMI, Universal Music Latin Entertainment, SBK Records | ||
Verka som | songar, talsperson, skodespelar, fjernsynsskodespelar, filmskodespelar, motedesigner | ||
Far | Abraham Quintanilla, Jr. | ||
Gift med | Chris Pérez | ||
Prisar | Grammy Award for Best Mexican/Mexican-American Album, Billboard Latin Music Hall of Fame, Billboard Latin Music Award for Hot Latin Songs Artist of the Year, Grammy Lifetime Achievement Award, stjerne på Hollywood Walk of Fame |
Selena vart kalla for «dronninga av tejanomusikken» og det meksikanske svaret på Madonna. Tejanomusikk blir i Noreg gjerne kalla for tex-mex-musikk.
Ho gav ut det første albumet sitt, Selena y Los Dinos, då ho var tolv år gammal. Både tilhengjarar av tejanomusikk og plateselskap stilte seg kritisk til henne fordi ho var kvinne i mannsdominert sjanger. På ein konsert vart ho til og med sparka av scena medan det vart kasta mat på henne. Ho måtte stadig vekk handtera motstand frå menn i bransjen og tradisjonelle barrierar i den latinske musikkverda. Ho vann tejanomusikkprisen som «Årets kvinneleg vokalist» i 1987, og fekk ei innspelingskontrakt med plateselskapet EMI nokre få år etter. Ryet hennar voks dei første åra av 1990-talet, særleg i dei spansktalande landa.
I 1990 selde Selena sitt album Ven Conmigo til gullplate, og med dette vart ho den første kvinnelege vokalisten som gav ut eit tejano-album som selde til gull. Oppfølgjaralbumet hennar Entre a Mi Mundo (1992), som inneheldt signatursongen hennar «Como La Flor», hjelpte henne til å bli kjend òg i Mexico. I 1993 vann ho sin første grammypris i kategorien «Beste meksikanske-amerikanske album» for Selena Live!. EMI Latin skreiv kontrakt med Selena for SBK Records, og planen var å gi ut eit «crossover»-album, slik at ho kunne tiltrekkja seg kjøparar som var tilhengjarar av andre sjangrar enn tejano. Medan førebuingane trekte ut, gav Selena ut albumet Amor Prohibido (1994), som vart nominert til ein grammypris. Dette albumet vart «det mestseljande latinske albumet nokosinne», og fekk ei dobbel platinumplate frå RIAA. På omtrent same tid bidrog ho til å byggja opp si eiga kleskjede og butikk-kjede kalla Selena Etc. Ho tilsette Yolanda Saldívar til å administrera kleskjeda, fordi ho sjølv hadde hendene fulle med å driva fanklubben som ho hadde oppretta.
Selena hadde ei mezzosopran-stemme som vart rosa av musikkritikarane. På scena brukte ho klede som i stor grad framheva dei kvinnelege formene hennar. Ho var ikkje redd for å skilja seg ut, og valde klede som ho sjølv likte. Tidleg på 1990-talet utvikla Selena ein stil som bestod av dekorative bustierar, tronge bukser og pene jakkar som hang opne under konsertane hennar. Ho var inspirert av Paula Abdul, Janet Jackson og Madonna. Ifølgje systera Suzette, designa og sydde Selena ofte sine eigne kostyme saman med designerane sine, gjerne backstage kort tid før ho skulle opptre.
Selena var 23 år gammal då ho vart drepen av sin eigen medarbeidar Yolanda Saldívar. Saldívar hadde då i lengre tid underslått pengar frå Selena sitt selskap, og på drapstidspunktet var underslaga i ferd med å bli oppdaga. Reaksjonane på Selenas død kan samanliknast med dei som kom då Elvis Presley og John Lennon døydde. Den 12. april 1995, to veker etter at ho døydde, erklærte den dåverande guvernøren i Texas, George W. Bush, fødselsdagen hennar som «Selenadagen» i Texas. Warner Bros. produserte i 1997 filmen Selena, ein biografisk film på livet hennar med Jennifer Lopez i hovudrolla. Familien til Selena og dei tidlegare banda hennar heldt ein konsert til minne om henne som vart sendt på fjernsynskanalen Univision. Konserten fekk tittelen Selena ¡VIVE! og fekk høge sjåartal, faktisk dei høgaste som ein spanskspråkleg fjernsynsspesial nokon gong har fått i USA.
I desember 1999 blei Selena kåra til «top Latin artist of the '90s» og «Best selling Latin artist of the decade» av Billboard for dei fjorten singelane sine på topp ti-lista Top Latin Songs, der sju av dei nådde fyrsteplassen. Ho var den bestseljande kvinneleg latinosongaren på 1990-talet i USA og Mexico. Selena blei kåra til «Best Female Vocalist of the '80s» og «Best Female Vocalist of the '90s"»ved Tejano Music Awards i 2010.
År | Album |
---|---|
1984 | Mis Primeras Grabaciones |
1986 | Alpha |
1987 | And the Winner Is... |
1988 | Preciosa |
1988 | Dulce Amor |
År | Gjenutgjeve | Album |
---|---|---|
1989 | 2002 | Selena |
1990 | 2002 | Ven Conmigo |
1992 | 2002 | Entre A Mi Mundo |
1993 | 2002 | Selena Live! |
1994 | 2002 | Amor Prohibido |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Selena Quintanilla-Pérez, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.