Håkon Grjotgardsson (døydde om lag 910) er den første, historisk sikre personen i Håløygeætta, og han var truleg den første i denne ætta som busette seg på Lade og han var den første Ladejarlen.
Frå hans tid, og i dei neste hundre åra, er det denne ætta som kom til å bli dei reelle makthavarane i Trøndelag.
Håkon Grjotgardsson | |
Verkeleg namn | norrønt Hákon Grjótgarðsson |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 838 Truleg Selva |
Død | Om lag år 910 |
Dødsårsak | Fall i slag |
Bustad | Selva ved Agdenes, seinare Lade |
Yrke | politikar |
Kjend for | Den første ladejarlen |
Tittel | Ladejarl |
Føregangar | Grjotgard Herlaugsson |
Etterfylgjar | Sigurd Håkonsson ladejarl |
Far | Grjotgard Herlaugsson |
Ektefelle | NN |
Han var son av Grjotgard Herlaugsson som budde på Selva (norrønt: Sǫlvi) i Agdenes ved innlaupet av Trondheimsfjorden, og han var far til Grjotgard Håkonsson, Herlaug Håkonsson, Sigurd Håkonsson Ladejarl og Åsa Håkonsdotter. Han er nemnd i skaldediktet Håløygjatal av Øyvind Finnson Skaldespille, og i sogelitteraturen finn vi opplysningar om han i Soga om Harald Hårfagre. og i Fagerskinna Han vart truleg særs gamal og i Fagerskinna blir han kalla Håkon gamle (norrønt Hákon gamli).
Sonen Sigurd er i Fagerskinna omtala som hyrna-jarl (tolka som yrna-, til norrønt Yrjar, dvs. Ørlandet), og det kan difor tenkjast at Håkon og folket hans ei tid, før dei kom til Lade, budde på Ørlandet, på nordsida av Trondheimsfjorden.
I sogene blir det fortalt at kong Harald Hårfagre kom over fjellet frå Opplanda og la under seg Trøndelag, og at Håkon Grjotgardsson då gjekk i forbund med han. Han skal ha blitt kong Harald sin jarl i Trøndelag (Fagerskinna nemner òg Sygnafylke) og han skal ha gift bort dotter si, Åsa, til kongen. Men det som blir fortalt om dette i Heimskringla, er truleg ein konstruksjon av Snorre, og viser berre kva for oppfatning sogeforfattarane på 1200-talet hadde av historia om Harald Hårfagre og «rikssamlinga». Det må leggjast til grunn at all historieforteljing om Harald Hårfagre i Trøndelag, bygger på usikre kjelder, i røynda er det like sannsynleg at Håkon jarl sjølv skaffa seg herredøme over Trøndelag og Hålogaland, kanskje i strid med kong Harald. (Om jarle-tittelen, sjå Norges Historie v/Bugge)
Håkon Grjogardsson er òg nemnt i den islandske Landnåmaboka, der vi kan lese at fleire mektige menn reiste til Island, fordi dei kom i usemje med han. Mellom desse var Vebjørn Sygnakappe (Vébjörn Sygnakappi) frå Sogn, Torolf Fasthaldi (Þórólfur fasthaldi) frå Sogn, Tore Tussesprange (Þórir þursasprengir) frå Åmd i Hålogaland, Lodin Angel (Loðinn öngull) frå Hålogaland og lendmann Ølve Kvite (Ölvir hinn hvíti) frå Almdal i Vefsen. Vi ser av dette at Håkon Grjotgardsson jarl må ha gjort seg gjeldande langt utanom Trøndelag.
Håkon Grjotgardsson ladejarl døydde i eit slag ved Fjaler, i ein våg som blir kalla Stavenesvågen (i dag: truleg Stongfjorden). Truleg stod slaget mellom ei hær frå Hålogaland og Trøndelag og hærstyrkane til Firdajarlen Atle Mjove, om herredømet over Vestlandet (Sygnafylket). I dette slaget fekk Atle jarl banesår og Håkon jarl fall. Ein reknar med at slaget stod omkring år 910.
Slik er det nemnt i Håløygjatal (nørrøn tekst med dansk omsetjing):
|
|
Etter at Håkon Grjotgardsson døydde, vart sonen hans, Sigurd Håkonsson, den nye ladejarlen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Håkon Grjotgardsson, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.