Western-Musikk

Western-musikk oppstod som ei form for USA-amerikansk folkemusikk.

Han vart opphavleg skriven av og om innbyggjarane som slo seg ned og arbeidde i vestlege område av Nord-Amerika. Western var musikalsk direkte knytt til gamle engelske, skotske og irske folkeviser og omhandla livet til cowboyane på dei opne slettene og prærien i det vestlege Nord-Amerika. Den meksikanske musikken i det sørvestlege USA påverka òg utviklinga av denne sjangeren. Western-musikk vart ofte assosiert med country, men det kom berre av at Billboard klassifiserte dei i lag på salslistene deira. For artistar som skreiv og spelte western-musikk, er denne samanhengen som ein undersjanger av country feilaktig. Western-musikk har ikkje noko historisk opphav med musikken som kom frå dei søraustlege delane av USA, som Appalachane, der countrymusikken oppstod.

Opphav

Western-musikk var direkte påverka av tradisjonell folkemusikk frå England, Wales, Skottland og Irland, og mange cowboysongar, sungen kring leirbåla på 1800-talet, som «Streets of Laredo», kan sporast attende til europeiske folkeviser.

Dei tidlege cowboybanda, som spegla livet på slettene og ranchane der musikken oppstod, var stringband, stundom med munnspel. Otto Gary, ein tidleg leiar for eit cowboyband, sa at autentisk western-musikk berre hadde tre rytmar, og at alle kom frå gangartane til hesten—gange, trav og galopp.

I 1908 publiserte N. Howard «Jack» Thorp den første boka med western-musikk, kalla Songs of the Cowboys. Han inneheldt berre tekstar og ingen notar, men vart populær vest for Mississippielva. Dei fleste av desse cowboysongane har ukjend opphav, men av dei mest kjende finn ein «Little Joe, the Wrangler», skriven av Thorp sjølv.

I 1910 gav John Lomax ut boka Cowboy Songs and Other Frontier Ballads som spreidde western-songane over heile landet. Boka hans inneheld mange av dei same songane som i boka til Thorp (han samla dei fleste av dei før boka til Thorpe vart publisert). Samlinga til Lomax inneheld derimot notar til mange av songane. Lomax publiserte ei samling til i 1919 kalla Songs of the Cattle Trail and Cow Camp.

Då radio og innspelingsutstyr vart lettare tilgjengeleg, fann musikken eit publikum som tidlegare hadde vorte ignorert av musikkskular og Tin Pan Alley. Mange innbyggjarar i det vestlege Nord-Amerika føretrekte musikk dei kjende til og som omhandla dei sjølv og området dei budde i.

Det første suksessrike cowboybandet som turnerte i austlege område var Otto Gray's Oklahoma Cowboys som vart sett i saman av William McGinty, ein pioner frå Oklahoma og tidlegare Rough Rider. Bandet spelte på radio og turnerte i varieté-krinsar frå 1924 til 1936. Dei spelte derimot inn få songar, så dei vert ofte oversett av historikarar som omtalar western-musikk.

Sjølv om mange har inntrykk av at western-musikk starta med cowboyen, så er ikkje dette tilfelle. I følgje Doug Green si Singing in the Saddle, var den første western-songen publisert alt i 1844. Tittelen var «Blue Juniata» Songen omhandla ei ung indianarkvinne som venta på indianarkrigaren sin langs breidda av elva Juniata i Pennsylvania (som på denne tida vart rekna som «vesten»). Songen vart sungen av pionersønene over hundre år seinare og vert framleis sungen i dag. Western-songane som følgde har omhandla mange sider av Vesten, som fjellfolk, 49-arane, immigrantar, dei fredlause, rettsmennene, cowboyane og den vakre naturen. Wester-musikk handlar ikkje berre om den amerikanske cowboyen.

Popularitet

Gjennom 1930- og 1940-åra vart western-musikk populær gjennom romantiseringa av cowboyen og dei idealiserte skildringane av Vesten i Hollywood-filmar. Syngande cowboyar som Roy Rogers og Gene Autry, song cowboysongar i filmane sine og vart populære i heile USA. Filmprodusentar starta å nytte fullt orkestrerte fireparts harmoniar og sofistikerte musikalske arrangement i filmane sine. Bing Crosby, den mest populære songaren på denne tida, spelte inn mange cowboy- og western-songar, og spelte i filmen Rhythm on the Range (1936). I denne perioden inneheldt dei fleste radioprogram western-musikk. Western swing utvikla seg òg i denne perioden. developed during this time.

Mindre populær

I 1960-åra var western-musikk i tilbakegang. Marknadsført som country and western av platedistributørar, selde albuma til western-artistar berre middels bra. Rock and Roll dominerte salet og Hollywood sine platestudio droppa dei fleste western-artistane sine. Country and western opplevde derimot auka sal med musikken som kom frå Nashville og då Hollywood prøvde å tene pengar på dette, mista country and western-musikken mykje av det regionale preget og det meste av stilen sin. Utanom om merkelappen var det vanskeleg å skilje denne musikken frå rock and roll eller andre populære musikkstilar.

Nyoppdaging

Sjølv i dag føretrekker innbyggjarar i Vesten musikk om seg sjølv, kulturen sin og landet omkring seg. Eldre musikk er framleis til sals i butikkane og på Internett. Det vert stadig skrive ny western-musikk og ein av dei som har medverka stort til å få sjangeren opp att er Michael Martin Murphey. Syngegruppa Riders in the Sky spelar inn ei blanding av Western og Western Swing og har vunne Grammy-prisar for arbeidet sitt med DisneyToy Story 2 (1999) og Monsters, Inc (2001).

Kjende western-songar

  • «Abilene»
  • «Along the Navaho Trail»
  • «Along the Santa Fe Trail»
  • «Back in the Saddle Again»
  • «Ballad of the Alamo»
  • The theme song to «Bonanza»
  • «Buenas Tardes Amigo»
  • «Big Iron»
  • «Billy the Kid»
  • «Blue Shadows on the Trail»
  • «Blue Prairie»
  • «Buffalo Gals (Won't You Come Out Tonight?)»
  • «Bury Me Not on the Lone Prairie»
  • «Call of the Canyon»
  • «Carry Me Back to the Lone Prairie»
  • «Cattle Call»
  • «Cheyenne»
  • «Cimarron (Roll On)»
  • «Cool Water»
  • «The Cowboy's Life»
  • «Oh My Darling, Clementine»
  • «Deep in the Heart of Texas»
  • «Don't Fence Me In»
  • «Don't Take Your Guns to Town»
  • «El Paso»
  • «El Paso City»
  • "Ghee on My Hands"
  • «Git Along, Little Dogies»
  • «Halfway to Montana»
  • «Happy Trails»
  • «Hold on Little Dogies»
  • «Hold On»
  • «Home on the Range»
  • «I'm an Old Cowhand (From the Rio Grande)»
  • «I Ride an Old Paint»
  • «I Want to Be a Cowboy's Sweetheart»
  • «Jingle Jangle Jingle (I Got Spurs)»
  • «Little Joe the Wrangler»
  • «The Last Roundup»
  • «The Lone Star Trail»
  • «The Masters Call»
  • «Night Rider's Lament»
  • «Oh! Susanna»
  • «The Old Chisholm Trail»
  • «Pistol Packin' Mama»
  • «Red River Valley»
  • «Red Wing»
  • «Running Gun»
  • «Ghost Riders in the Sky (A Cowboy Legend)»
  • «Rogue River Valley»
  • «San Antonio Rose»
  • «Sioux City Sue»
  • «Song of the Sierras»
  • «The Soughrty Peaks»
  • «Strawberry Roan»
  • «Streets Of Laredo (The Cowboy's Lament)»
  • «Sweet Betsy from Pike»
  • «Texas Plains»
  • «Tumbling Tumbleweeds»
  • «Utah Carol»
  • «Way out There»
  • «When the Cactus Is in Bloom»
  • «The Yellow Rose of Texas»
  • «Zebra Dun»


Western-artistar

  • Lynn Anderson
  • Gene Autry
  • Bill Barwick
  • Joe Bethancourt
  • Wilf Carter
  • Johnny Cash
  • Don Edwards
  • Juni Fisher
  • Lorne Greene
  • Frankie Laine
  • Chris LeDoux
  • Girls of the Golden West
  • Patsy Montana
  • Michael Martin Murphey
  • Bob Nolan
  • The Quebe Sisters Band *spelar òg Western Swing
  • Riders in the Sky
  • Tex Ritter
  • Marty Robbins
  • Roy Rogers
  • Sons of the Pioneers
  • Ian Tyson
  • Johnny Western
  • John I. White
  • Ray Whitley
  • Jim Wilson

Kjelder

Bibliografi

  • Cannon, Hal. Old Time Cowboy Songs. Gibbs Smith. ISBN 0-87905-308-9
  • Green, Douglas B. Singing in the Saddle: The History of the Singing Cowboy. Vanderbilt University Press, August 2002. ISBN 0-8265-1412-X
  • Hull, Myra. "Cowboy Ballads". Kansas Historical Quarterly. 8:1 (February 1939) 35-60 (accessed November 29, 2007).
  • Lomax, John A., M.A. Cowboy Songs and Other Frontier Ballads. The MacMillan Company, 1918. Online edition (pdf)
  • O'Neal, Bill; Goodwin, Fred. The Sons of the Pioneers. Eakin Press, 2001. ISBN 1-57168-644-4
  • Otto Gray and his Oklahoma Cowboys. Early Cowboy Band. British Archive of Country Music, 2006. CD D 139
  • Quay, Sara E. Westward Expansion. Greenwod Press, 2000. ISBN 0-313-31235-4
  • Shirley, Glenn "Daddy of the Cowboy Bands. Oklahoma Today (Fall 1959), 9:4 6-7, 29.
  • Thorp, N. Howard "Jack". Songs of the Cowboys. Houghton Mifflin Company, 1908, 1921.
  • White, John I. Git Along Little Dogies: Songs and Songmakers of the American West. (Music in American Life) series, University of Illinois Press, 1989 reprint. ISBN 0-252-06070-9

Bakgrunnsstoff

Tags:

Western-Musikk OpphavWestern-Musikk PopularitetWestern-Musikk Mindre populærWestern-Musikk NyoppdagingWestern-Musikk Kjende western-songarWestern-Musikk Western-artistarWestern-Musikk KjelderWestern-Musikk BibliografiWestern-Musikk BakgrunnsstoffWestern-MusikkAppalachaneCountryCowboyUSA-amerikansk folkemusikk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

AbkhasiaLill LindforsRepublikkTula oblastShine av Natália KellyKhalkidónaElvdalskAlzheimers sjukdomGammel drømIndre KvarøyKjersti BergesenHenny MoanKon-Tiki-ekspedisjonenMikhail GorbatsjovGardasjøenPåskeøyaBarentshavet1993Raphaël PoiréeLily of the ValleyDjevelenPåskekyllingSiamOffisielt språkJungfraujochHufsaGraveugleTartanTalteoriFolkerepublikken KinaUljanovsk oblastAurgjeldingKolibriHanamiDen romerske republikkenGolden HeartArve OpsahlReinChristianiaInstagramIntellektuellFjols til fjellsAnne B. RagdeJohn KasichListe over primtalSpesifikk gravitetFareskiltBorgarkrigen i USATjeldPotetLímnosNattverdMarokkoIndonesiskSin-ørkenenDjengis khanSang til BergenLitauenAlbert EinsteinFilmserien Harry PotterLBokstaven betVériaAnne-Sophie MutterRomskipSpanskBakuBosnia-HercegovinaRave On!Benito MussoliniLillebjørn NilsenSukkerByJoe BidenKielkanalen🡆 More