Hydraen, eller Uhyret frå Lerna var eit kjempestort sjøuhyre i gresk mytologi.
Ifølgje legenda hadde Hydra ni hovud, av desse var eitt udøyeleg. Om eitt av hovuda hennar vart avhogge, voks det med éin gong ut to nye. Ho var dotter av Ekidna og Tyfon, og syster til Kerberos, Kimaira og Sfinksen.
Eitt av Herakles sine tolv storverk var å kjempa mot hydraen. For di blodet hennar var giftig, nytta Herakles det seinare som pilgift.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Hydra, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.