Ein holme eller holm er eit lite stykke land med vatn på alle kantar.
Holmar er mindre enn øyar, har vanlegvis ikkje dyrkbar jord og er ikkje busette. Berg som berre såvidt stikk opp av havet og ikkje har særleg vegetasjon, vert kalla skjer. Holmar finst både i sjøen og i innsjøar.
Sjølv om holmar vanlegvis ikkje har busetnad, har nokre av dei vorte brukte som beiteområde eller i samband med fiske. På mange holmar er det difor bygd naust, bryggjer, gjerde eller liknande strukturar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Holme, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.