Hesje

Ei hesje eller hes er eit stativ for tørking av høy eller korn.

«Å hesja» tyder å leggje gras på hesje. Hesja har loddrette hesjestaurar med hesjestreng (ståltråd) eller vassrette stenger mellom.

Hesje
Ei hesje.
Foto: Kjetil Lenes
Hesje
Ei tom hesje på Astruptunet i Jølster.
Foto: Sean Hayford O'Leary
Hesje
Hesjing på Sunnmøre 1966

Når hesja skal setjast opp brukar ein eit jarnspett til å lage hol i jorda så staurane skal stå stødig. Avstanden mellom kvar staur er ofte om lag to meter. Den første tida ein brukte hesjar til høytørking strekte ein tynne trestenger mellom staurane. Dei vart festa med vidjer . Det vart òg nytta tjøretaug.

Etter at det kom rimeleg ståltråd, hesjastreng, i handelen vart det gått over til det. Hesjastrengen har antan vorte festa med spikar/kjeng eller stramma i eit stikk rundt stauren.

Konstruksjonen av hesja varierer etter terreng og vèrslag der høyet skal turkast. Er det våtsamt klima kan ein ikkje ha så mykje gras i hesja som om veret er tørrare. Der ein risikerer ein del vind må hesja sikrast sidevegen, med skoler, også kalla skorder eller skore. Einer vert ofte nytta som emne til hesjestaur. Hesjestauren vert lagra frå år til år. Ofte i eigne hus, eller på faste stader på låven.

Hesjestreng er tråd laga av ei mjuk jarnlegering, oftast ein utgløda, galvanisert ståltråd. Han har god motstand mot brekking og mot korrosjon. Hesjestreng vart produsert for bruk i hesjer, men på grunn av strengen er bøyeleg har han ofte fått mange alternative bruksmåtar til dømes til provisoriske reparasjonar. At noko er reparert med hesjestreng har ofte vore assosiert til slett arbeid eller hastverksarbeid.

Hesjing erstatta flathøy (tørking på marka) på slutten av 1800-talet og var den vanlegaste måten å berga graset på fram til siloslåtten tok over på 1950/1960-talet. Hesjing gjekk då meir og meir ut av bruk og i dag finst det berre nokre få som hesjar.

I norsk politikk er hesjestaur kjend gjennom eit sitat frå Per Borten. Då han skulle skildra korleis det var å vera statsminister i samlingsregjeringa Bortenregjeringa, sa han «Det har vore som å bera staur».

Sitatet spelar på at når ein skal bera ei bør med hesjestaur eller gjerdestaur, så har børa lett for å sprika og falla frå kvarandre.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Sjå òg

Tags:

HøyKorn

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Ørland kommuneImplisitt og eksplisitt funksjonEngelskFRIKAR dance companyPetter NorthugJærenKvitveis2020MengdOlivettiSiderJordbruksrevolusjonenNoregVM i fotball 2022AureKalkulusPeriferieininga TríkalaROBEKNorske kommuneblomarStomiMoskvaSauBrødskiveOperativsystemMoldedialektNorrøntNo-dramaVictoria av SverigeMagnetisk feltstyrkeNordland fylkeXboxGeorg RiedelOboIdrettshallZinédine ZidaneSnikkarListe over primtalNotfiskeHellas i antikkenFascismeLewis CapaldiMiljøproblemIne Marie WilmannAlderspensjonMaiRakiaJehovas vitnePanserbataljonenProgrammeringsspråket JavaEarl ScruggsSør-PílioIvar Lo-JohanssonLagerthaFlorøValdresByar i OmanGud signe maten på vårt bordNynorskHolbækAudrey HorneISBNStore norske leksikonVinter-OL 1988HundOsloArsenal FCKvaeOdd NordstogaMerlionRumpeldunk🡆 More