Vaksdal Kommune: Kommune i Vestland fylke i Noreg

Vaksdal er ein kommune i Vestland fylke.

Kommunen høyrer til distriktet Midhordland og deltar i Bergen og Omland regionråd. Kommunesenteret er tettstaden Dale. (Vaksdal er òg namnet på ein tettstad i kommunen). Vaksdal grensar til Voss og Bergen kommunar, og jarnvegen; Bergensbanen, og stamvegen; Europaveg 16, mellom Bergen og Voss går tvers gjennom kommunen. Dei tre største bygdene i Vaksdal; Vaksdal, Stanghelle og Dale ligg langs denne ferdsleåra. Mottoet til Vaksdal kommune er «Bynært bygdeliv».

Vaksdal kommune
kommune
Vaksdal Kommune: Kommune i Vestland fylke i Noreg
Vaksdal Kommune: Kommune i Vestland fylke i Noreg
Kommunevåpen
Land Vaksdal Kommune: Kommune i Vestland fylke i Noreg Noreg
Fylke Vestland
Adm.senter Dale
Areal 716 km²
 - land 687 km²
 - vatn 29 km²
Folketal 3 852  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Hege Eide Vik (Sp)
Kommunenr. 4628

Vaksdal kommune
60°36′25″N 5°48′58″E / 60.606944444444°N 5.8161111111111°E / 60.606944444444; 5.8161111111111
Vaksdal Kommune: Kommune i Vestland fylke i Noreg
Wiki Commons: Vaksdal
Nettstad: www.vaksdal.kommune.no

Vaksdal grensar til Osterøy og Alver (berre sjøgrense) kommunar i vest, Modalen kommune i nordvest, Vik kommune i nord, Voss kommune i aust, Kvam herad i søraust, Samnanger kommune i sør og Bergen kommune i sørvest.

Vaksdal Kommune: Kommune i Vestland fylke i Noreg
Vaksdal rådhus er på Dale.

Geografi

Ordet Vaksdal kjem av «våg» og «dal», som er ei god skildring av kommunen med fjordar (vågar) og dalar. I kommunen finn ein dalar som Bergsdalen, Eksingadalen, Sædalen, Herfindalen, Hesje-/Øyadalen m.fl. Det høgste punktet i kommunen er Skjerjavasshovden (1264 moh) i Stølsheimen øvst i Eksingadalen. Av fjordar finn ein Veafjorden, Sørfjorden, Osterfjorden og Vikafjorden/Bolstadfjorden. Dei to største elvene er Daleelva og Ekso, som begge er gode fiskeelver for laks og sjøaure. Vaksdal består hovudsakleg av fastland, men omfattar òg den nordaustlege delen av øya Osterøy.

Hovudnæringar i kommunen er fabrikksenteret Dale med tekstilbedriftene Daletec og Dale of Norway. På Vaksdal har bakevareprodusenten Møllerens og dyrefôrprodusenten Felleskjøpet ein av fabrikkane sine. BKK har mange vasskraftverk i Vaksdal.

Stadar i Vaksdal kommune er Vaksdal, Dale, Stanghelle, Stamnes, Bergsdalen, Eksingadalen, Eidslandet med fleire.

Bakgrunnsstoff

Tags:

BergensbanenDale i VaksdalEuropaveg 16KommuneslagordMidhordlandVaksdal i VaksdalVestland fylke

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Reiulf SteenSiderVårsøgDen norske eliteserien i fotballElectrolux AssistentPenisRusslandMusikkgruppa GåteNasjonaldraktHappy HumanBlåbærLønnMatriarkSamleieToscakakeMarikkenFinsk fonologiPeriferien Sentral-HellasTonsillOtto JespersenPanda21. januarHydrogenGudbrandsdalenCarina DahlMexicoEritreaRomaniaTanjung MorawaOsloIndonesiaAntonio BanderasElefantSandnessjøenGrønlandHaparandaAlexandra GjerpenBlåmannPliktetikkPotamiá i EvrytaníaOblatSlaveFilmjølkHallingmålEdderkoppar i kulturenTrondheim kommuneLeedsBelgiaIf I Were SorryGauderVinje kommuneRundeskattenKolEnkeltbekkasinDírfys-MessápiaHovudsideFaggotMarokkoSkandinaviaFønvindMantoúdi-Límni-Ajía ÁnnaStatens kartverk2006SvartedauenJernMaud av NoregNynorskØresundbruaNellikrevolusjonenRagnhild BrochmannUrfolkDigital rettsadministrasjonVåttemperaturRitsónaProgrammeringsspråket JavaIltalehti🡆 More