Handtrykk er ei helsing som skjer ved at to personar rekkjer kvarandre handa og trykkjer med eit fast grep.
Handtrykket vert bruka ved presentasjon, ved møte og ved avskil. Det vert òg bruka til å stadfeste avtaler; at handtrykket forpliktar, er i Noreg lovfesta i Norske lov.
Eit handtrykk vert til vanleg utført med høgre hand. Speidarar handhelsar med venstre hand, medan høgrehanda vert bruka til å gjere speidarhelsing.
I Noreg er det skikken at begge dei helsande er like ivrige og villige til å rekkje kvarandre handa. I mange andre land er hovudregelen at den som har høgst rang, avgjer om ein skal handhelse eller ikkje. Dersom ei hand vert strekt fram for presentasjon, kan det verte oppfatta om ei fornærming om den andre ikkje tar imot handa.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Handtrykk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.