Potsdam

Potsdam er ein by i Tyskland og hovudstad i delstaten Brandenburg med om lag 161 000 innbyggjarar.

Han ligg ved elva Havel sørvest for Berlin, og er ein del av storbyområdet Berlin/Brandenburg.

Potsdam
Templiner See og Potsdam
Templiner See og Potsdam
Templiner See og Potsdam
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Potsdam
Potsdam is located in Tyskland
Potsdam
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Brandenburg
Ingen
Kreisfri by
Først nemnd i 993
Geografi
Flatevidd
 - By

188,25 km²
Innbyggjarar
 - By (2013)
   - folketettleik

161 468
  858/km²
Koordinatar 52°24′0″N 13°4′0″E / 52.40000°N 13.06667°E / 52.40000; 13.06667
Høgd over havet 35 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 14467–14482
Telefon-retningsnummer 0331, 033208, 033201
Bilnummer P
Heimeside: www.potsdam.de

Potsdam er kjend som tidlegare residens for dei prøyssiske kongane fram til 1918. Byen ligg ved fleire samanhengande innsjøar og eit unikt kulturlandskap, særleg parkane og palassa i Sanssouci, den største verdsarvstaden i Tyskland.

Potsdambydelen Babelsberg er òg ein av dei leiande aktørane innan europeisk filmproduksjon. Filmstudio Babelsberg er av historisk verdi som det eldste storskala filmstudioet i verda. Deutsches Filmorchester Babelsberg spelar ofte filmmusikk for både tyske og utanlandske filmar.

Byen utvikla seg til eit vitskapssenter på 1800-talet. I dag er det tre offentlege universitet og meir enn 30 forskingsinstitusjonar i Potsdam.

Geografi

Potsdam ligg sørvest for Berlin. Området vart forma av fleire store morener under den siste istida. I dag består byen av 75 % grøntareal og berre 25 % av bygningar og gater. Det er om lag 20 elvar og innsjøar i Potsdam, til dømes Havel, Griebnitzsee, Templiner See, Tiefer See, Jungfernsee, Teltowkanal, Heiliger See og Sacrower See. Den høgaste åsen er 114 meter høg og heiter Kleiner Ravensberg.

Historie

Potsdam 
Dokument frå Det tysk-romerske riket i 993 nemner Poztupimi.

Potsdam vart sannsynlegvis grunnlagd på 600-talet av slavarar som ein landsby kalla Poztupimi, rundt eit slott. Namnet tyder kanskje under eiketrea. Han vart først nemnd i skriftlege kjelder i 993, og i 1317 vart han nemnd som ein liten by. I 1345 fekk han byrettar. I 1573 var han framleis berre ein liten kjøpstad med om lag 2 000 innbyggjarar. Trettiårskrigen (1618 - 1648) øydela om lag halvparten av byen.

I 1660 vart Potsdam vald som jaktstad for Fredrik Vilhelm I, kurfyrste av Brandenburg, hjarte i den mektige staten som seinare vart Kongedømet Preussen. Han husa òg prøyssiske kasernar.

Etter ediktet i Potsdam i 1685 trekte Potsdam til seg folk frå alle kantar av Europa. Den religiøse fridomen trekte til seg hugenottar frå Frankrike og folk frå Russland, Nederland og Böhmen. Ediktet førte til raskare vekst og betra økonomi.

Seinare flytta heile den prøyssiske kongefamilien til Potsdam. Dei majestetiske bygningane til kongane vart stort sett bygd under Fredrik II av Preussen. Ein av de bygningane er Sanssoucipalasset, vidkjend for sine flotte hagar og Rococomøblar. Andre bygningar i det same komplekset er Neues Palais og Oransjeripalasset.

Medan Berlin var den offisielle hovudstaden i Preussen og seinare Det tyske riket hald hoffet seg nær Potsdam og mange tilsette i staten slo seg ned her. I 1914 signerte Keisar Vilhelm II krigserklæringa i Neues Palais i Potsdam. Byen mista sin status som ein hovudstad nummer to i 1918, då den første verdskrigen enda og Vilhelm II abdiserte.

Etter byrjinga av Det tredje riket fann eit seremonielt handtrykk mellom President Paul von Hindenburg og den nye Kanslar Adolf Hitler stad 21. mars 1933 i Garnisonkirche i Potsdam, som symboliserte eit samarbeid mellom militæret (Reichswehr) og nazismen. Potsdam vart hardt råka av allierte bomber under den andre verdskrigen.

Potsdam 
Potsdamkonferansen i 1945 med Churchill, Truman og Stalin.

Cecilienhofpalasset var åstad for Potsdamkonferansen frå 17. juli til 2. august 1945, der dei sigrande allierte leiarane (Harry S. Truman, Winston Churchill, etter følgt av Clement Attlee og Stalin) møtte kvarandre for å avgjere framtida til Tyskland og Europa generelt. Konferansen enda med Potsdamavtalen og Potsdamerklæringa.

Potsdam 
Glienickebrua, brukt for å utveksle spionar under den kalde krigen.

Regjeringa i Aust-Tyskland prøvde å viske ut alle spor etter det prøyssiske militæret. Mange historiske bygningar, nokre av dei øydelagd under krigen, vart rive ned.

Potsdam låg ved grensa til Vest-Berlin etter Berlinmuren vart reist. Muren førte til at reisetida til Aust-Berlin tok dobbelt så lang tid som før. Glienickebru over Havel gjekk frå Potsdam til Vest-Berlin, og her vart det utveksla spionar under den kalde krigen.

Etter gjenforeininga av Tyskland vart Potsdam hovudstad i den nyetablerte delstaten Brandenburg. Ein har mange planar om å rekonstruere byen slik han ein gong var, hovudsakleg Stadtschloss og Garnisonkirche .

Kjende personar frå Potsdam

Bakgrunnsstoff

Potsdam  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Potsdam

Kjelder

Tags:

Potsdam GeografiPotsdam HistoriePotsdam Kjende personar frå Potsdam BakgrunnsstoffPotsdam KjelderPotsdamBerlinBrandenburgDelstatar i TysklandHavelInnbyggjarTyskland

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SilisiumTone Wilhelmsen TrøenRenaultHilde Louise AsbjørnsenRegionar i ItaliaPåskekrimSamvirkelagBrøytMidsommarLagerthaGry HammerElisabeth AndreassenKattugleAppelsinMartin ØdegaardFlukta frå DyreskogenNamnedagAlkoholOffentleg eigedomDen sørlege regionen i Etiopia1922Thornton WilderRSSSlaget ved SvolderTrikktrakkAndré GideBuHaitiKjersti Herland JohnsenÅl i HallingdalTatraTønsberg kommuneAnne Grete PreusHovudtelefonSlaget om StalingradHeaven for EveryoneFemøringBergenEinar TambarskjelveHeilage onsdagStorspoveHertuginneGenèveGudbrandsdalen1960WikipediaBjørnstjerne BjørnsonSola kommuneElektrisk isolatorAureChampions LeagueProstitusjonArnold SchwarzeneggerFumaroleFilmjølkPåskeKanye WestDag HammarskjöldSkirennaren Jo Eggen2020Det nederlandske koloniriketDusjanbeCarl XVI Gustaf av SverigeOppdal kommuneIvar AasenBliksværAmmanIslandNazismeHarald V av NoregJon Fosse🡆 More