Haile Gebrselassie (fødd 18.
april">18. april 1973) er ein etiopisk mellomdistanse- og langdistanseløpar. Gebrselassie er ein allsidig løpar som har delteke i både 1500 meter, 3000 meter, 5000 meter, 10 000 meter, halvmaraton og maraton. Gebrselassie har sett 27 verdsrekordar i løpet av karrieren, og held framleis verdsrekordane på 20 000 meter og på éin times løp.
Haile Gebrselassie | |
Statsborgarskap | Etiopia |
Fødd | 18. april 1973 (51 år) Assella, Etiopia |
Yrke | maratonløpar, langdistanseløpar, friidrettsutøvar |
Høgd | 169 centimeter |
Haile Gebrselassie på Commons |
Haile Gebrselassie har dobbelt olympisk gull på 10 000 meter. Desse tok han under sommar-OL 1996 i Atlanta og sommar-OL 2000 i Sydney. I tillegg er han fire gonger verdsmeister på denne distansen og har ei lang rekkje fleire medaljar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Haile Gebrselassie, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.