Gujranwala (urduskrift گوجرانوالا) er ein pakistansk industriby som ligg i Gujranwala distrikt i Panjab.
Han er den sjuande folkerikaste av storbyområda i Pakistan, og er ein av dei raskaste veksande byane i landet. Gujranwala ligg 226 meter over havet. Han grensar mot Ghakhar Mandi, Alipur Chatha, Kamonke og fleire mindre byar og landsbyar.
Gujranwala گوجرانوالا | |||
by | |||
Land | Pakistan | ||
---|---|---|---|
Region | Panjab | ||
Distrikt | Gujranwala | ||
Koordinatar | 32°9′N 74°11′E / 32.150°N 74.183°E | ||
Areal | 3 198 km² | ||
Folketal | 1 132 509 (august 2014) | ||
Tidssone | PST (UTC+5) | ||
- Sommartid | PDT | ||
Gujranwala 32°09′00″N 74°11′00″E / 32.15°N 74.183333333333°E | |||
Wiki Commons: Gujranwala | |||
Namnet «Gujranwala» viser til at byen blei bygd av gurjarar. Namnet blir også knytt til riket Gurjara-Pratihara. Ifølgje Imperial Gazetteer of India blei byen omdøypt Khanpur av sansi-jattar frå Amritsar som slo seg ned, men det eldre namnet overlevde.
Gujranwala blei viktig under framveksten av Sikh-riket på 1700-talet. Han var fødestaden til grunnleggjaren av riket, Ranjit Singh, og hovudstad for føregjengarane hans, faren Maha Singh og farfaren Tsjarat Singh. Sikh-leiaren Hari Singh Nalwa reiste mykje av den «nye» byen.
Området kom under britisk styre i 1848. I 1881 blei det bygd ei jernbanelinje langs hovudvegen Grand Trunk Road som band saman Gujranwala med andre byar i Panjab og letta handel.
Gujranwala har steppeklima (BSh etter Köppen si klimaklassifisering). Om sommaren (juni til september) kan temperaturen koma opptil 36 °C. Dei kaldaste månadane er som regel november til februar, då gjennomsnittet klan ligga på 7 °C. Månadane med høgast nedbør er som regel juli og august, når monsunen kjem til Panjab. I dei andre månadane er gjennomsnittleg nedbør rundt 25 mm. Dei tørraste månadane er som regel november til april, med lite nedbør.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Gujranwala, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.