Gjirokastër (gresk Αργυρόκαστρο, Arjyrókastro, arumensk Ljurocastru) er ein by og ein kommune i regionen Gjirokastër i Albania.
Kommunen ligg sør i landet og grensar i vest til regionen Vlorë.
Gjirokastër | |||
---|---|---|---|
Gamlebyen i Gjirokastër | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region | Albania Gjirokastër | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 59 km² | ||
Flatevidd - By | 470 km² | ||
Innbyggjarar - By (2011) | 28 673 | ||
Koordinatar | 40°42′0″N 19°30′0″E / 40.70000°N 19.50000°E | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Diverse anna | |||
Plassering | |||
Gjirokastër kommune innafor regionen Gjirokastër |
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Gjirokastër vart slått saman med landkommunane Cepo, Lazarat, Picar, Lunxhëri, Odrie og Antigonë. Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Gjirokastër.
Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen 19 836 innbyggjarar, medan dei sju kommunane som i dag utgjer storkommunen Gjirokastër, til saman hadde 28 673 innbyggjarar.
Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Gjirokastër. Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Gjirokastër.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Gjirokastër, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.