Fattigmann, også kjend som fattigmannsbakkels, er eit av dei tradisjonelle sju slaga til jul.
Kaka er laga av egg, sukker, fløyte, kveitemjøl, kardemomme og konjakk. Ingrediensane blir blanda til ein elastisk deig som blir kjevla ut og skoren i bitar som så blir frityrsteikte.
Fattigmann stammar truleg frå Italia, der det er ganske vanleg å steika kaker i olje eller smult. Nokre stadar i Italia heiter tilsvarande kaker «cenci fritti», som tyder frityrkokte filler.
Norske utvandrarar tok med seg tradisjonen til USA på 1800-talet og byrjinga av 1900-talet, der kaka no er kjend som «futimonbuckles».
Fattigmann er òg ein tradisjonsrik julebakst i Sverige (klenäter), Danmark (klejner) og på Island (kleinur).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Fattigmann, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.