JulekakerNynorsk editions of Wiki, an online encyclopedia
Julekaker er småkaker det er vanleg å baka eller kjøpa til jul. Dei blir også serverte og etne ved juletider, typisk frå advent til og med romjula.
Norske kakesortar
Eit omgrep knytt til julekakene er «dei sju slaga» eller «dei sju sortane», der ein var meint å baka sju ulike kakeslag før jul. Ein kan velja sju slag frå fleire meir eller mindre juleaktige kaker. I ei avstemming i Aftenposten i 1992 blei desse sju slaga valde ut som nødvendige julekaker: Smultring/hjortetakk, sandkake, sirupssnipp, berlinerkrans, goro, krumkake og fattigmann.
Andre kakeslag som mange meiner høyrer jula til er brune pinnar, havre- eller kokosmakron, julekake, jødekake, kransekake (stenger), kling eller lefse, Mor Monsen, nøtterose, peparkake, peparnøtt, rosett- og bordstabelbakkels og serinakake.
I samband med betre tilgang på sjokolade er det også blitt vanleg å laga konfektkaker som delfiakake og risbolle til jul. Til jul i dag kan ein også laga store kaker og ikkje berre småkaker.
I andre land
I tysk tradisjon er Lebkuchen, ei mjuk peparkakeaktig kake, ei utbreidd julekake.
Av større kaker laga til jul finn ein den engelske plum-puddingen, som blir tent på ved servering, og franske Bûche de Noël, 'julekubbe', ei kake laga for å sjå ut som ein vedkubbe lik den ein har hatt for skikk å pynta og brenna til jul i fleire europeiske land.
Sjå og
Kjelder
- Julebakst ved Elin Huseby, Bergen Offentlige Bibliotek
Bakgrunnsstoff
- Syv slag til julekosen ved aperitif.no (oppskrifter)
- Syv sorter julekake til jul Arkivert 2009-11-24 ved Wayback Machine. ved jernia.no (oppskrifter)
This article uses material from the Wikipedia article Julekaker, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (duhoctrungquoc.vn) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.