Fana kulturhus er eit kulturhus på Nesttun i Fana i Bergen.
Bygningen er teikna av Bjerk & Bjørge arkitekter for eiendomsselskapet Zuurhaar & Rubb og vart opna 31. oktober 2009. Bergen kommune leigar kulturhuset av eigedomsselskapet. Det ligg ved Nesttunsenteret.
Bygningen er sett saman av to delar. Den gamle delen med mellom anna inngangsparti og kontor for Fana og Ytrebygda kulturkontor er den tidlegare Nesttun Uldvarefabrikk opphavleg bygd rundt 1890. Frå det gamle bygget til den nye delen over Nesttunelva går det ein glaskorridor. Der ligg mellom anna lobby, hovudsal og småsal. Kulturdelen er på om lag 2 500 kvadratmeter, i tillegg kjem næringsdelen med kontor og butikklokale slik at totalarealet vert på 8 500 kvadratmeter. Kunstnerisk utsmykking er laga av mellom anna Hilde Kjønniksen, Stefan Türner, Alf Rongved og Per Remfeldt.
Kulturhuset vert brukt til scene for profesjonelle og amatørar innan ulike kunst- og kulturuttrykk. Det er òg forestillingar og aktivitetar for barn og møtelokale for diverse organisasjonar. Kultursalen har skyveamfi med 359 sitjeplassar eller om lag 600 ståplassar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Fana kulturhus, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.