Eusébio da Silva Ferreira (25.
januar">25. januar 1942–5. januar 2014) var ein portugisisk fotballspelar, fødd i dåverande Lourenço Marques i den portugisiske kolonien Mosambik. Han vann Europacupen i fotball med Benfica i 1962, og fekk bronsemedalje med Portugal under VM i fotball 1966. I 1965 vart Eusébio, som var ein særleg dyktig senterløpar, kåra til årets fotballspelar i Europa.
Eusébio | |
Statsborgarskap | Portugal |
Fødd | 25. januar 1942 Maputo |
Død | |
Idrett | fotball |
Tok del i | |
Utmerkingar | Gullballen, Fortjenstordenen, storkorset av Infante Dom Henriks orden |
Eusébio spelte for Lisboa-klubben Benfica frå 1960 til 1975. Gjennom femten sesongar sikra hans seg og klubben 11 triumfar i den portugiske serien og fem nasjonale cupgull. Han skåra to av måla då Benfica vann 5-3 over Real Madrid i finalen i Europacupen 1962 i Amsterdam. Både i 1963, 1965 og 1968 nådde Benfica finalen i Europacupen, men måtte sjå seg slått av høvesvis AC Milan, Inter og Manchester United.
Eusébio debuterte på Portugals landslag i oktober 1961. Hausten 1965 kvalifiserte Portugal seg til sitt fyrste fotball-VM. Under VM i fotball 1966 i England spelte laget seg fram til semifinale mot vertsnasjonen, etter ein historisk kvartfinale mot Nord-Korea. Nordkoreanarane gjekk opp i leiing 3-0, før Eusébio skåra fire mål og gav Portugal sigeren 5-3. I semifinalen vart det tap 1-2 for England, men i bronsefinalen mot Sovjetunionen vart siger med 2-1. Eusébio vart toppskårar i meisterskapen med ni mål. Han spelte sin 64. og siste landskamp i 1973, bokført med 41 landslagsmål.
Eusébio døydde i Lisboa.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Eusébio, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.