Etaten: Norsk humorserie på NRK1 frå 2006

Etaten er ein norsk humorserie med åtte episodar som vart send på NRK1 i 2006.

Serien handlar om den fiktive karakteren Tor som er tilbake frå permisjon hos Plan- og bygningsetaten, og som etter kort tid blir ny sjef for heile etaten. Grunna den fiktive dokumentarstilen til serien har den av flere blitt samanlikna med den britiske humorserien Kontoret, som vart send på fjernsynskanalen BBC Two frå 2001 til 2003.

Etaten
Typefjernsynsserie
OppfølgjarNAV
SjangerKomedie
OpphavslandNoreg
ProduksjonslandNorge
Utgjevingsår2006
Sesongar1
Episodar8
Lengd30 minutt
ProdusentOlav Øen
ManusOle Endresen, Atle Antonsen
RegiOle Endresen
MedverkandeAtle Antonsen
Anne Marit Jacobsen
Siw Anita Andersen
Jan Sælid
Ingar Helge Gimle
KanalNRK1

Premiss

Serien er filma i en fiktiv dokumentarstil og skildrar arbeidsdagen på Plan- og bygningsetaten i ein fiktiv norsk kommune. Hovudfokuset er på den forsiktige og konfliktskye karakteren Tor som blir tildelt eit vikariat som sjef for etaten like etter å ha vore sjukemeldt i eit år.

Produksjon

Rollebesetning

Hovudroller

Biroller

  • Trond Fausa Aurvåg som Vidar
  • Lars Erik Holter som Kommunaldirektør
  • John S. Kristensen som Rådmann
  • Muhammed el Hassan som Vaskemann
Etaten: Premiss, Produksjon, Episodar 
Hovudrolleinnehavar Atle Antonsen.

Karakterar

Skodespelar Karakter Episodar
1 2 3 4 5 6 7 8
Atle Antonsen Tor X
Anne Marit Jacobsen Liv
Siw Anita Andersen Berit
Jan Sælid Rikard
Ingar Helge Gimle Rune
Trond Fausa Aurvåg Vidar X
Lars Erik Holter Kommunaldirektør
John S. Kristensen Rådmann
Muhammed el Hassan Vaskemann

Produsent

Etaten: Premiss, Produksjon, Episodar 
Regissør og manusforfattar Ole Endresen.

Serien vart produsert av det norske produksjonsselskapet Monster og produsent Olav Øen. Etaten fekk 3,5 millionar kroner i tilskot frå Norsk filmfond, og hadde eit totalt budsjett på 11,5 millionar kroner.

Episodar

Episode Namn på episode Send
1 Brobyggeren 14. september 2006
2 Vaktmesteren 21. september 2006
3 Den nye etaten 28. september 2006
4 Ulyder 5. oktober 2006
5 Etaten strekker seg litt lenger 12. oktober 2006
6 Hundegården 19. oktober 2006
7 Verneombudet 26. oktober 2006
8 Sluttpakken 2. november 2006

Mottaking

Etaten vart sett av 600 000 sjåarar på NRK1 då han hadde premiere 14. september 2006. I snitt enda sesongen på 509 000 sjåarar per episode.

Oppfølgar

I 2012 fekk Etaten ein oppfølgar då TVNorge hadde premiere på humorserien NAV. Serien er utvikla av dei same som Etaten, Atle Antonsen og Ole Endresen, og fortel historien om Tor vidare etter tida hans i Plan- og bygningsetaten er over. Etter ei opning med 534 000 sjåarar i første episode fall sjåartala jamnt utover sesongen.

Sjå òg

  • NAV

Referansar

Tags:

Etaten PremissEtaten ProduksjonEtaten EpisodarEtaten MottakingEtaten OppfølgarEtaten Sjå ògEtaten ReferansarEtatenBBC TwoNRK1The Office

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

ChancyHolocaustIrakDompapKompasspunktLeikanger kommuneElg i solnedgangJomfruByar i HellasJordaLivadiáGro Harlem BrundtlandDrivhusgassSamvirkelagCate BlanchettBirger HatlebakkAdministrativ inndeling i HellasGro DahleMorsdagØrnFriksjonAliártosHuaoraniarBosnia-HercegovinaAnne HoltAda LovelaceAssociatesBitcoinCelsiusRusslandIstanbulØrsta kommuneAristotelesKent AndersenDan Børge AkerøHeradAkslaPadleneThespiésTveitaTorino27-årsklubbenMauser-rifle M98LofotenJamstellingsvedtaketAstrid LindgrenFuglen munkAutoritetsdataJaran DammannHege TunaalPandaQawahLohengrin sjokoladePeriferien Sentral-HellasIf I Were SorryDie WelleHarrWikipediaJohn IllsleyT-banen i OsloTorsdagBloggSunndalsøraSjakkRussisk rockInternasjonal telefonkodeBetasuppeVoss heradAmalie SkramAfrikaAgurkSildekongeMoldedialektFagorganisasjon🡆 More