Eincella organismar er organismar som berre består av ei celle.
Dei fleste slike organismar er mikroskopiske, og blir derfor rekna som mikroorganismar. Andre kan ein sjå med det nakne auget.
Eincella organismar er ei mangfoldig gruppe. Nokre har mange organellar, som mitokondrium eller flimmerhår, medan andre nesten berre har det dei treng for å kunna formeira seg. Nokre lagar skal av kiselsyre, kitin eller kalk. Dette gjeld til dømes mange frittlevande eincella protoktistar som skalamøbar, foraminiferar og soldyr.
Det er kjend om lag 300 000 artar eincella organismar.[treng kjelde]
Ernst Haeckel føreslo i 1866 eit eige biologisk rike for eincella organismar, protistar (Protista). Dette har ein seinare gått bort frå.
Nokre døme på eincella organismar er:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Eincella organismar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.