Mitokondrium eller mitokondrie (frå gresk mitos, 'tråd' og chondrion, 'gryn', gjennom tysk) er organellen som syter for energien i dei aller fleste eukaryote sellene.
Bakteriar og arkar (prokaryotar) har ikkje mitokondrium, og nokre tusen kjende einsella eukaryotar («arkezoar») har heller ikkje mitokondrium i vanleg form; i hovudsak parasittar (til dømes Giardia). Ein eukaryot organisme i Monocercomonoides saknar mitokondrium i det heile.
Ein av dei mest aksepterte teoriane for opphavet til mitokondria er at dei kjem frå ei hending der ein bakteria hamna inni ein annan einsella organisme (gjerne ein arke) og at dei byrja leva i eit gagnande samliv. Denne bakterien utvikla seg etter kvart til mitokondrium slik ein kjenner dei i dag.
Mitokondrium har eige DNA, noko som stør hypotesen om at dei ein gong var bakteriar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Mitokondrium, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.