«Down by the Riverside» (òg kjend som «Ain't Gonna Study War No More» og «Gonna lay down my burden») er ein spiritual.
Han har røter attende til før den amerikanske borgarkrigen, men vart først publisert i 1918 i Plantation Melodies: A Collection of Modern, Popular and Old-time Negro-Songs of the Southland i Chicago av Rodeheaver Company. Songen har òg blitt kalla «Ain' go'n' to study war no mo'», «Ain't Gwine to Study War No More», «Down by de Ribberside», «Going to Pull My War-Clothes» og «Study war no more». Songen vart først spelt inn av Fisk University Jubilee Quartet i 1920 (publisert av Columbia i 1922) og det finst minst 14 svarte gospelinnspelinga før andre verdskrigen.
På grunn av det pasifistiske biletet, er «Down by the Riverside» blitt nytta som ein antikrigssong, særleg under Vietnamkrigen.
Songen har mange tekstvariasjonar, men vanlegvis følgjer kvar strofe ei standardform, der ein setning varierer frå ei strofe til den neste. Songen byrjar ofte slik:
Gonna lay down my sleepy head
Down by the riverside (3×)
Gonna lay down my burden
Down by the riverside
Med refrenget:
I ain't gonna study war no more
Study war no more
Ain't gonna study war no more
Andre linjer som har vore i strofene, i staden for «Gonna lay down my burden»:
Det sentrale biletet i songen er å fjerne all negativitet og aggresjon, og ta på seg ei andeleg drakt, ved sida av ei elv før ein kryssar elva. Biletet har fleire tydingar: det referer til dåp, som i det sørlege USA var vanleg å utføre ikledd ein kvit kjole før ein dukka kroppen ned i vatnet. Det referer òg til reisa til himmelen etter døden, der ein nytta metaforen Jordanelva, som i Det gamle testamentet var den siste overreisa før hebrearane kom inn i Det lova landet etter åra deira i ørkenen. Som med mange negro spirituals, kan bibelbiletet òg lesast som ein løynd allusjon til å rømme frå slaveriet, der elva representerer Ohioelva, som var ei grense mellom statar der slaver var lov og forbode før den amerikanske borgarkrigen.
Refrenget «ain't gonna study war no more» er ein referanse til eit sitat frå det gamle testamentet: «Folk skal ikkje lyfta sverd mot folk, ikkje lenger lærast opp til krig.» Dette sitatet finst to gonger i Bibelen i Jesaja 2:4 og Mika 4:3.
Artistar som har spelt inn songen er mellom andre:
Ein nederlandsk versjon kalla «Vrienden voor 't leven» vart skriven av Van Aleda og Johnny Steggerda og framført av Will Tura i 1960.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Down by the Riverside, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.