Dogri (devanagari: डोगरी, urdualfabetet: ڈوگرى), i Pakistan og Pakistansk Kashmir òg kalla pahari (devanagari पहाड़ी, urdualfabetet پھاڑی), er eit indoarisk språk som blir brukt i Pakistan og India, hovudsakleg i regionen Jammu i Jammu og Kashmir, men òg i det nordlege Panjab, Himachal Pradesh, andre delar av Kashmir og andre stadar.
Dogri vert tala av den etniske gruppa dogra, og den dogri-talande regionen vert kalla Duggar. Det har rundt 5 millionar talarar.
Dogri डोगरी ڈوگرى, ḍogrī | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk Indo-iransk Indo-arisk Nordvestleg Vestleg pahari (dogri–kangri) | |
Bruk | ||
Tala i | India | |
Dogritalande i alt | 5 millionar | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | doi | |
ISO 639-3 | doi | |
Glottolog | indo1311 |
Dogri vert klassifisert som ein medlem av den vestlege paharigruppe av indoariske språk. Dogri er eit tonespråk, noko som er uvanleg for indoeuropeiske språk. Dette særpreget har det til felles med andre vestlege paharispråk og med panjabi.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Dogri, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.