Det Levantinske Havet: Hav

34°N 34°E / 34°N 34°E / 34; 34

Det Levantinske Havet: Økologi, Sjå òg, Kjelder
Kart over Det levantinske havet

Det levantinske havet er den austlegaste delen av Middelhavet.

Det levantinske havet grensar til Tyrkia i nord, Syria, Libanon, Israel og Gazastripa i aust, Egypt og Libya i sør og Egearhavet i nordvest. I vest ligg det opne Middelhavet (stundom kalla Libyahavet) og grensa er definert som ei linje frå neset Ra's al-Hilal i Libya til øya Gavdos, sør for Kreta. Den største øya i Det levantinske havet er Kypros. På det djupaste er havet 4384 meter i Pliniusgropa, kring 80 km sør for Kreta. Det levantinske havet dekkjer eit område på 320 000 km.

Den nordlege delen av Det levantinske havet, mellom Kypros og Tyrkia vert kalla Det kilikiske havet. I nord ligg òg dei store buktene İskenderunbukta (nordaust) og Antalyabukta (nordvest).

Leviatan-gassfeltet ligg i dette området under Det levantinske bassenget.

Økologi

Suezkanalen som stod ferdig i 1969, knyter Det levantinske havet til Raudehavet. Raudehavet ligg høgare enn det austlege Middelhavet, så kanalen fungerer som eit tidvassund der vatn frå Raudehavet strøymer ut i Middelhavet. Bittersjøane, som er hypersaline naturlege innsjøar som dannar ein del av kanalen, blokkerte tilførselen av artar frå Raudehavet til Middelhavet i mange tiår, men etter kvart som saltinnhaldet i sjøane vart likt det i Raudehavet, byrja planter og dyr å flytte seg vidare i kanalen og har byrja å kolonisere det austlege Middelhavet. Denne vandringa vert kalla Lessepsvandringa, etter Ferdinand de Lesseps, sjefsingeniøren for kanalen.

Bygginga av Aswan-demninga i Nilen i 1960-åra har redusert tilførselen av ferskvatn og slam til Det levantinske havet. Det har gjort havet relativt saltare og meir næringsfattig enn før, noko som har ført til at det historisk viktige sardinfisket har kollapsa. Dette har igjen vore til fordel for raudehavsartane som er vande til det saltare og meir næringsfattige Raudehavet.

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Det Levantinske Havet ØkologiDet Levantinske Havet Sjå ògDet Levantinske Havet KjelderDet Levantinske Havet BakgrunnsstoffDet Levantinske Havet

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Norsk folkedansKvam heradMarkusmesseAkselRussisk litteraturTiticacaRagnar LodbrokKazanGrodagenGrønlandsleiretNorges herligsteFlaggdagarKaptein SabeltannDen etiopiske kalenderenVM i fotball 2022Kim HaugenAkershus festningFærøyaneLiten stormHypoteseBergenPeter BoszBolognaIsraelVengØdipusMeter per sekundE-nummerSandnesGarnMånenHindugudarHollandTsjetsjeniaJeff KinneyEmil i LønnebergetVietnamAssociatesEirik BrandsdalDei sameinte arabiske emirataDet australske flaggetWalesKevin VågenesSymbol i hinduismenEtterretningsbataljonenJonsereds Fabrikers ABWikipediaO helga nattMikroOphiocordyceps unilateralisDigital object identifierAstrid LindgrenLinn UllmannEddadiktPintVerktøyet filPadleneSørøya i FinnmarkItaliaHenrik II av EnglandEininga barMS «Framstig»Vardø kommuneAustromarriketSang til BergenPenisKonfutseElektronikkSveitsMakrakómiVeneziaHanamiKyprosSur i OmanZinédine Zidane🡆 More