Det irske riksvåpenet er ei harpe på blå botn.
Bruken av riksvåpenet for Republikken Irland blei vedtatt 9. november 1945.
Harpa hadde vore eit kjennemerke for Irland frå mellomalderen. Ho blir òg kalla «harpa til Brian Boru». Ho blei nytta på storseglet til den irske fristaten (1921-1937) og blir altså òg nytta på riksvåpenet for republikken Irland.
Den irske harpa er også med i Storbritannia sitt kongelege riksvåpen, der ho sidan unionen mellom England, Irland og Skottland i 1603 har vore plassert i tredje kvadranten (nedst til venstre).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Det irske riksvåpenet, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.