Den store urotida (russisk Смутное время, Smutnoje vremja) er ei nemning på ein periode i russisk historie, frå 1598 til 1613 og som er kjenneteikna ved ei stor politisk, sosial og økonomisk krise som førte til ein mellombels kollaps for den russiske staten.
Ei rekkje herskarar tok makta og vart like raskt avsett, kortast tid på trona hadde Fjodor II som regjerte i 49 dagar.
I tillegg freista «falske Dmitrij II» å hevde retten sin til trona og noko seinare freista svenskane å innsetje tronarvingen Karl Filip som russisk tsar. Polen-Litauen invaderte Russland men vart slått tilbake av ein russisk folkehær i 1612, før Mikhail Romanov vart valt til ny tsar og la grunnlaget for huset Romanov.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Den store urotida, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.