Dannii Minogue: Australsk songar og skodespelar

Danielle Jane Minogue, kjent som Dannii Minogue (fødd 20.

oktober">20. oktober 1971 i Melbourne i Australia), er ein australsk songar, låtskrivar, skodespelar, TV-personlegdom, TV-dommar og motedesigner. Sidan 2007 har Minogue vore ein vellykka TV-personlegdom og dommar. Ho vart ein dommar på Australia's Got Talent i Australia frå 2007 til 2012 og på The X Factor i Storbritannia til 2010.

Dannii Minogue
Dannii Minogue: Biografi og karriere, Personleg liv, Diskografi
Dannii Minogue i februar 2012.
Fødd20. oktober 1971 (52 år)
Melbourne i Victoria i Australia
FødestadMelbourne
FødenamnDanielle Jane Minogue
OpphavAustralia
Aktiv1990 til i dag (songar)
1978 til i dag (skodespelar)
SjangerDansepop, disco, house, electropop
Stemmetypemezzosopran
PlateselskapMushroom Records
MCA Records
Warner Music Group
Gift medJulian McMahon
Sambuar medJacques Villeneuve, Kris Smith, Adrian Newman

Biografi og karriere

Tidleg liv og byrjinga

Minogue vart fødd i Melbourne i Australia til Ronald Charles Minogue, ein australsk rekneskapsførar av irsk avstamming, og Carol Jones, ein dansar frå Wales. Ho er den yngste av tre born. Den eldre broren hennar Brendan er kameramann på nyhendesendingar i Australia, og den eldre systera hennar Kylie Minogue er òg songar og skodespelar.

Minogue spelte i australske såpeoperaer som Skyways og The Sullivans, før ho byrja karrieren sin som songar tidleg på 1990-talet. I 1981 opptredde ho i vekentleg musikkprogramet Young Talent Time. Minogue oppnådde tidleg suksess, men etter utgjevinga av hennar andre album hadde populariteten hennar som songar gått ned, og ho konsentrerte seg om yrket som programleiar.

1990–1995: Dannii og Get Into You

Minogue signerte med plateselskapet Mushroom Records i januar 1989. Det første albumet hennar, Dannii, kom ut i 1990 og nådde 24. plass i Australia. Utanfor Australia vart albumet utgjeve i 1991 med tittelen Love and Kisses. Den første singelen «Love and Kisses» nådde fjerdeplass på den australske hitlista og fyrsteplassen på UK Singles Chart.

Minogue gjeve ut i oktober 1993 det andre studioalbumet hennar, Get Into You, som inneheld songane «Show You the Way to Go», «This Is It» og «This Is the Way». Albumet inneheld uptempo-songar men til trass for den tidlegare suksessen hennar på hitlistene, nådde ikkje den britisk Top 50. I 1994 tilbake Minogue til fjernsyn og presenterte TV-programmet The Big Breakfast i Storbritannia. I 1995 gjeve ut Minogue singelen «Rescue Me», som kom ut i Japan og nådde førsteplass på hitlistene.

1996–2004: Girl og Neon Nights

I 1997 presenterte Minogue Top of the Pops, eit britisk musikalsk TV-program. Interessene til Minogue for dansepop og electropop påverka det tredje albumet sitt, Girl, som kom ut i september 1997. Albumet inneheld ein meir sofistikert og vaksen stil av dansemusikk, men til trass for generelt positive kritikkar nådde albumet ikkje den britiske Top 50. Den første singelen «All I Wanna Do» nådde fjerdeplass på UK Singles Chart og vart sertifisert gull i Australia. Den neste singelen «Everything I Wanted» og «Disremembrance», nådde ikkje topplisten der, men kom til førsteplassen på den britiske hitlisten.

I mars 2003 gav Minogue ut det fjerde albumet sitt, Neon Nights, som nådde åttendeplass på UK Albums Chart, hennar høgaste sidan debuten. Singelen «I Begin to Wonder» var erklært ein av dei beste på albumet, og nådde andreplass i Storbritannia. I Australia nådde songen 14. plass og vart sertifisert gull. Den trejde singelen «Don't Wanna Lose This Feeling» nådde femteplass i Storbritannia og 22. plass i Australia. «I Begin to Wonder» og «Don't Wanna Lose This Feeling» var òg vellykka på Billboard.

Personleg liv

I oktober 1999 vart Minogue forlova med Formel 1-føraren Jacques Villeneuve, men tilhøvet deira tok slutt i 2001. Tidleg i 2002 byrja ho et forhold med musikkprodusent og bassist Craig Logan. Det vart hevda av media at dei var forlova, men i desember 2002 vart det annonsert at dei hadde avslutta tilhøvet.

Sidan august 2008 hadde Minogue vore i lag med den engelsk modellen og tidlegare profesjonelle rugbyspelaren Kris Smith. Det vart annonsert 9. januar 2010 at Minogue var gravid, og det vart stadfesta på den personlege Twitter-sida. Minogue fødde ein gut som heiter Ethan Edward Smith i Melbourne i Australia den 5. juli 2010.

Diskografi

Studioalbum

  • Love and Kisses (1991)
  • Get Into You (1993)
  • Girl (1997)
  • Neon Nights (2003)
  • Club Disco (2007)

Samlealbum

  • The Singles (1998)
  • The Remixes (1998)
  • The Hits & Beyond (2006)
  • Unleashed (2007)
  • The Early Years (2008)
  • The 1995 Sessions (2009)
  • This Is It: The Very Best Of (2013)

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Tags:

Dannii Minogue Biografi og karriereDannii Minogue Personleg livDannii Minogue DiskografiDannii Minogue KjelderDannii Minogue BakgrunnsstoffDannii Minogue197120. oktoberAustraliaLåtskrivarMelbourneSkodespelarSongarX Factor Storbritannia

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Yosef Wolde-MariamJaktaMorsdagElvar i RusslandFormannskapHenrik WergelandKaptein SabeltannJonsokSoparToyota Motor CorporationJomfruSkhimatáriFrida KahloMaud av NoregFylkesveg 515MilanoLand i Eurovision Song ContestItaliensk salatMólos-Ájos KonstandínosFotballAl-Bustan i OmanDet finske riksvåpenetAfroamerikansk litteraturOddaVolda kommuneMeterSosialliberalismeFredrik SolvangUtviklinga av traktorenRabagastEtterretningsbataljonenT-banen i OsloNorsk folkedansFenresulvenDamplokomotiv1955Kalkulus2016FascismeIndonesiaSionistFilmserien Harry PotterTverGrevinnen og hovmesterenKasusHeradDanskAutoritetsdataBloggRingdrottenDet ukrainske alfabetetStord kommuneStorbritanniaSilkeormSymbolOffisielt språkShogunAsbjørnsen og MoeBondelungeWiki CommonsDomenetapBesjRomandieLike-til-likeOblatMikroAustraliaDinosaurarEgyptJenteUSAMediaWiki24. april🡆 More