Carolina Evelyn Klüft, (fødd 2.
februar">2. februar 1983) er ein svensk tidlegare friidrettsutøvar, fødd i Sjömarken, som tevla internasjonalt i mangekamp og lengdehopp. Ho vart olympisk meister i sjukamp i 2004, verdsmeister tre gongar på rad 2003-07, samt europameister i 2002 og 2006, også desse titlane i sjukamp. Dessutan vann ho i femkamp innandørs VM-gull i 2003 og EM-gull i 2005 og 2007.
Carolina Klüft | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 2. februar 1983 (41 år) Sjömarken |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Junior-VM i friidrett 2000, Junior-EM i friidrett 2001, EM i friidrett innendørs 2002, Junior-VM i friidrett 2002, EM i friidrett 2002, VM i friidrett innendørs 2003, U23-EM i friidrett 2003, VM i friidrett 2003 |
Utmerkingar | Q10524027 |
Klüft vann gullmedaljen i sjukampen i EM i friidrett 2002 med ny verdsrekord for juniorar, 6 542 poeng. Året etter vart ho ved friidretts-VM 2003 den tredje sjukjemparen som skåra over 7 000 poeng, då ho vann gullmedaljen med 7 001 poeng.
Under verdsmeisterskapen 2007 i Osaka sette ho med 7 032 poeng samstundes europeisk rekord, ein rekord som gjeld i 2014, berre verdsrekordhaldar Jackie Joyner-Kersee med 7 291 har høgre poengskår.
Klüft vann 22 sjukamp- og femkamptevlingar på rad frå mars 2002, ein periode der ho tok ni gullmedaljer etter kvarandre i internasjonale meisterskap.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Carolina Klüft, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.