Canterbury Association vart danna for å grunnleggja ein koloni I det som no er regionen Canterbury på Sørøya på New Zealand.
Samanslutninga vart grunnlagd i London den 27. mars 1848, og innlemma i eit kongebrev (Royal Charter) den 13. november 1849. Dei fremste pådrivarane var Edward Gibbon Wakefield og John Robert Godley. Wakefield var alt sterkt involvert i New Zealand Company, som på den tida alt hadde grunnlagt fire andre koloniar på New Zealand. Han vende seg til Godley for å hjelpa han å etablera ein koloni med støtte av den engelske kyrkja (Church of England). President i samanslutninga sin driftskomité var Erkebiskopen av Canterbury, og komiteen omfatta fleire andre biskopar og geistlege, så vel som medlemmer av adelen og parlamentsmedlemmer. På det første møtet sitt avgjorde samanslutninga namn på kolonien og hovudsetet. Kolonien skulle kallast Canterbury, truleg etter erkebiskopen av Canterbury, og hovudsetet i kolonien Christchurch etter Oxford college, der Godley hadde studert.
Canterbury Association hadde avtalt å kjøpa land frå New Zealand Company for 10 shillings per acre (4000 m²). Dette landet vart så seld til immigrantar for £3 per acre. Resten, £2 10s, skulle brukast til «offentlege tiltak, slike som emigrasjon, skular, kyrkjer, vegar og skulelegat.» (20 shillings = £1). Avsetjinga av midlar til 'emigrasjon' var for at samanslutninga skulle ha høve til å tilby reisestønad til medlemmer av arbeidarklassen med ønskjelege kvalifikasjonar for den nye kolonien. Ein plakat] som averterte desse støtta reisene, nemner særskilt «gartnarar, sauegjetarar, gardsarbeidarar, andre arbeidarar og landbruksmekanikarar». Vitneprov på det religiøse grunnlaget til kolonien kan ein sjå i den same plakaten der det krevst at presten i bygda bør gå god for søkjarar, og at somme av inntektene for sal av land var spesielt øyremerkte til kyrkjelege legat.
Godley og familien hans drog til New Zealand i byrjinga av 1850 for å overvaka førebuingane av busetnaden (kartlegging, vegar, overnatting, etc.) som alt var sette i gang av eit stort mannskap under leiing av kaptein Joseph Thomas. Desse førebuingane var grundige, men ufullstendige då dei første skipa med busetjarar kom den 16. desember 1850, etter å ha vore haldne attende av Godley kort tid etter at han kom fram i april, på grunn av aukande gjeld til Canterbury Association. «Charlotte-Jane» og «Randolph» nådde Lyttelton Harbour den 16., «Sir George Seymour» den 17., og «Cressy» den 27., etter å ha segla frå England i september 1850. Nybyggjarane på desse fire første skipa, vart kalla Canterbury Pilgrims av den britiske pressa. Gjennom dei følgjande to og eit halvt åra kom nye 24 skipslaster med innvandrarar i regi av Canterbury Association, til saman nesten 3 500 menneske.
Verksemda til Canterbury Association vart avslutta i 1853.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Canterbury Association, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.