Byparlamentarisme

Byparlamentarisme er ei ordning for organisering av lokalpolitikken i bykommunar der fleirtalet i bystyret vel eit byråd som skal ha den utøvande makta.

Ordninga erstattar systemet med formannskap, der den daglege drifta av kommunen i større grad blir utøvd etter eit prinsipp om forholdstal, og ho overfører også makt frå rådmannen til byrådsleiaren.

I Noreg blei byparlamentarisme innført i Oslo kommune i 1986, Bergen kommune i 2000 og Tromsø kommune i 2011. Tromsø gjekk attende til formannskapsmodellen i 2016. Trondheim kommune innfører byparlamentarisme i 2024. Fleire andre byar har også vurdert å innføre ordninga, og ho er stadig meir utbreidd form for styring av større byar utanfor Noreg.

Kjenneteikn

Bystyret vel eit byråd som består av fleire byrådar. Byrådet kan i all enkelheit seiast å vere ei 'regjering på kommunalt nivå'. I 2016 prøvde Oslo kommune å ta i bruk omgrepet «byregjering», men dette fekk dei omsider ikkje lov til å heite. Kommuneadministrasjonen blir leia av politisk valde byrådar. Byrådane er ansvarlege for kvar sin sektor, såkalla fagbyråd; t.d. helsebyråd, samferdslebyråd osv. Slik som i andre parlamentariske system, er byrådet ansvarleg overfor bystyret, og kan risikere å bli utsett for mistillitsframlegg eller gå av som følgje av eit kabinettspørsmål. I Bergen treng eit bystyre positivt fleirtal for å bli innsett. Oslo praktiserte også opphavleg denne ordninga, men har no gått over til ei ordning med negativt fleirtal, der ordføraren, som sjølv er vald med positivt fleirtal, spør den han oppfattar som leiaren for den mest styringsdyktige koalisjonen om å danne byråd, etter same mønster som ved regjeringsdanningar i Noreg.

Til skilnad frå formannskapsmodellen er leiinga i byparlamentarismen delt i to, mellom byrådsleiaren og ordføraren. Byrådsleiaren er leiar for administrasjonen, noko som også styrkjer rolla hans som politisk leiar. Rolla til ordføraren derimot er omtala som «svakere og mer indirekte lederrolle». Likevel, rolla er ikkje forsvinnande. Sjølv om det er byrådsleiaren som sit med rattet, er ordføraren framleis den fremste folkevalde. Etter eit val skal ordføraren gjere sonderingar og gjeva ein byrådsleiarkandidat i oppdrag å danna eit nytt byråd.

Fordelar

Til skilnad frå formannskapsmodellen er byparlamentarismen noko meir oversiktleg for veljarane og lettare å stille nokon til ansvar. Skilje mellom posisjon og opposisjon er tydelegare og byrådane har eksplisitt ansvar for sin eigen byrådspost. Det er såleis lettare å ansvarleggjera politikarane, og ein kan avsetje dei igjennom mistillitsframlegg.

Ulemper

Byparlamentarisme kan føre til ei auka marginalisering av opposisjonen og skape konsensuspreg på politiske avgjersler, vidare kan det føre til ein auka polarisering mellom dei politiske partia. Parlamentarismen kan vere med på å auke innverknaden politikarane har på politisk utforming, men dette veikjer samstundes fagstyret (faglege omsyn: t.d. rolla til administrasjonen). Ved innføring av byparlamentarismen i Oslo, Bergen og Tromsø førte dette til meirkostnadar, likevel kostnadane er større dess mindre kommunen er. Byparlamentarisme eignar seg best i store kommunar, då små kommunar har lågare politisk rekruttering og mindre polarisering.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Byparlamentarisme KjenneteiknByparlamentarisme KjelderByparlamentarisme BakgrunnsstoffByparlamentarismeByrådByrådsleiarFormannskapKommunestyreRådmann

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

TsjetsjeniaIngvild KjerkolFthiótidaJordMartha LeivestadNordsamiskSluddVolda kommuneHaikuHaltiGrønlandMMEddadiktVladimir PutinTriasVictoria av SverigeDanskSupermannInternasjonal telefonkodeNoahSvalSatPandaKortnebbgåsEiffeltårnetSur i OmanSteinSang til BergenCanadaValborgsmesseaftanMikroSovjetunionenFlodsvinAliártos-ThespiésAdministrativ inndeling i HellasSteingardar i NoregMonogamiFrey IISaruq i OmanWienerklassisismenLeksikonSamuel MassieSuveren statEirik BrandsdalHarry PotterOperatunnelenSatyajit RayAnatomiske retningsskildringarSkeiselandskampen Noreg–Sverige 1974Buddhistiske høgtiderLandsmålBetasuppeFuglen munkGaysirUrfolk i USARamaskrikISBNOslo kommuneAfrikaBook of KellsNynorskSpice GirlsHøgaste fjell i EuropaDet finske riksvåpenetPadleneGrand CanyonStareHolmenkollmedaljenLohengrin sjokoladeTreeiningaFriksjonVoss heradTidNorsk folkedans🡆 More