krekling/Sandkasse

Brennbart er ein pamflett av Kjartan Fløgstad som kom ut i 2004 på Gyldendal Norsk Forlag.


Korfor pamfletten kom

I brennbart skriv Fløgstad om ein del episodar som kan oppfattast som utløysande faktorar for innlegget hans. Dåverande nestleiar i Unge Høgre, Harald Victor Hove, hadde ei bokbrenning av ei nynorsk ordbok i ein valkampfilm. Etter gjennomslag for eit forsøk med valfritt sidemål på vestkantskular i Oslo, skjedde bokbål utan forståing for dei historiske rammene. Hans Fredrik Dahl framsatte påstandar om motkulturane på vestlandet som spesielt nazivennlege. Lars Roar Langslet framsatte påstander om at riksmålsforbundet skal ha forsøkt patriotisk stillstand i språkkampen og påstått øydelegging av dette framlegget ifrå målrørsla si side. Desse påstandane kom fram i bokverk som var meint som fagleg solide med desse historikarane som garantistar for fagleg dyktigheit. For Fløgstad var det ein manglande reaksjon i media imot alt dette. Korleis slike påstander kom seg rett igjennom redigering vert nemnd som provoserande.

Nytteargumentasjonen imot sidemål i Oslo-skulen.

Innhaldet i 'Brennbart'

Fløgstad startar med ei historie om Vidkun Quisling. Etter å ha prøvd å mobbe Saamund Bergland som gardsgut over dialekta hans, skal Quisling med sine ha endt opp med å spenne høgre leggbeinet til Bergland av. Bergland skulle seinare bli nestformann i Riksrevisjonen i 1946.


Utfallet imot Dahl.

Imot Dahl brukar Fløgstad også andre sin kritikk som har vore framsatt tidlegare. Odd-Bjørn Fure sin pamflett Kampen mot glemselen. Kunnskapsvakuum i mediesamfunnet. vert vigd ein del plass.

Sjølv omtalar Fløgstad Dahl som ein fagleg sett dårleg historikar, som framstiller Norge under andre verdskrig slik eit moderat tidlegare medlem av Nasjonal Samling ville ha gjort det.


gjer ein gjennomgang av tidlegare analysar over kven som var dei norske fascistane.

Utfallet imot Lars Roar Langslet

Innlegget om norsk fascisme

Fløgstad siterer Who were the fascists? Social roots of European fascism av Stein Ugelvik Larsen, m.fl. som omtalar motkulturane som i stor grad immune. Professor Johs. Andenæs vert også sitert på oppslutnaden om Nasjonal Samling: «De høyeste tall hadde man i Oslo og østlandsfylkene Hedmark og Oppland, de laveste på Vestlandet, med Sogn og Fjordane som det aller laveste.»


Det er 149 noter i pamfletten.


Debatten i etterkant

Hans Fredrik Dahl fekk vondt for å trekke seg ifrå konklusjonane sine, og meinte i eit debattprogram at det måtte vere noko med nynorsken eller målrørsla som fall saman med nazismen og gjorde at målrørsla ikkje kom styrka ut av krigen. Dahl skulle likevel i eit pub-ordskifte innrømme at han vanskeleg kunne seie at nynorsken kom svekka ut av rettsoppgjeret etter krigen, då han ikkje visste noko om det.

Finn-Erik Vinje sitt motsvar

I boka Ut med språket gav Vinje eit motsvar og ein gjennomgang av relasjonar imellom språkkomiteen nedsatt av NS.

Vinje skriv at Riksmålsrørsla sin sentrale komite og representantar knytt til denne søkt å reversere rettskrivingsreforma av 1938. Først prøvde formannen i riksmålsforbundet Harald Bakke og formannen i Oslo riskmålsforeining Christian Botha, saman med "en rekke representanter for handel, håndverk, industri, skibsfart, bankvesen, skole, litteratur og videnskap" å påverke Administrasjonsrådet utan at det førte fram.

Deretter fekk desse to godkjenning ifrå riksmålsforbundet sitt årsmøte til å vere med i NS sin rettskrivingskomite der Gulbrand Lunde var formann. Bakke og Botha skal ikkje ha vert medlem av NS under krigen. Etter Vinje sitt syn skal Lunde ha køyrt sitt eige løp for 'Høinorsk' og unngått riksmål.

Sjå rettskrivinga av 1941 for meir om dette. Lars Roar Langslet gav Fløgstad rett i at riksmålsforbundet sterkt prøvde å få til eit samarbeid med okkupasjonsmaktene.

//sjå rettskrivingsnormalen av 1941

//få med følgande; Fløgstad sin pamflett tek opp anklagane om kor udemokratiske nynorskforkjemparane er, når vi går til underskriftsaksjon og fleirtalsdiktatur.

Nynorsk under krigen

Under krigen nådde målrørsla si høgste nivå nokonsinne og si første tilbakegang. Utviklinga til målrørsla snudde under krigen.

Fotnoter

krekling/Sandkasse  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

krekling/Sandkasse Korfor pamfletten komkrekling/Sandkasse Innhaldet i Brennbartkrekling/Sandkasse Debatten i etterkantkrekling/Sandkasse Nynorsk under krigenkrekling/Sandkasse Fotnoterkrekling/Sandkasse2004GyldendalKjartan FløgstadPamflett

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

John KasichElektrisk filterLandsting i SverigeEurovision Song Contest 2012Romteleskopet HubbleMoskva oblastEtikkI Feed You My LoveDet britiske imperietAmazon.comMolde kommuneSang til BergenAugestikkararHåkjerringImbitubaMonogamiKokosøyaThe Rolling StonesRomskipElisabeth AndreassenLa BambaElefantNintendo 3DSLohengrin sjokoladeShetlandsøyane1799Arena BirminghamRudolf MössbauerHjortetakksaltDen siste nattverdenBosnia-HercegovinaBrjansk oblastEurovision Song Contest 1985UngarnNordahl GriegHelena Dam á NeystabøNonHistorisk fiksjonVetteCornelis VreeswijkSpeleautomatIslandMaud av NoregHotel Union ØyePanamakanalenKommunismeLangfredagOckham sin barberknivEncores av Dire StraitsHomofobiKhalkidónaAdenbuktaDet ville vestenDire StraitsLeningrad oblastPotenzaKyivSuezkanalenMaginotlinaKnut den mektige1947AsiaElvis PresleyAserbajdsjanLondonSunnhordlandske ord og vendingarAllahu akbarTuk-tukIndonesiaKirsten Bråten BergUigurarVM i fotball 2022🡆 More