Ein leikeplass er ein offentleg stad utandørs, som er tilrettelagt slik at barn kan leika der.
På staden finn ein gjerne sandkassar og ymse leikeapparat, til dømes husker, vipper, rutsjebanar og stativ der barna kan klatra, i tillegg til benkar der foreldra kan sitja. På, eller ved, somme leikeplassar finst det òg idrettsbanar. Underlaget er ofte sand, slik at det blir mjukt om barna fell på bakken, men gras og asfalt er òg brukt.
Leikeplassar finst i all hovudsak der barn bur eller ferdast, til dømes ved bustadfelt eller bustadblokker, på skular, i barnehagar, i parkar, og i andre friområde. Slike område er ein viktig miljøfaktor for dei som bur eller oppheld seg i nærleiken av desse.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Leikeplass, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.