Johannes Bratt Andenæs, kjend som Johs.
Andenæs (7. september 1912–3. juli 2003) var ein norsk jurist med doktorgrad. Han var professor i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo (frå 1946 til 1982) og ein av dei leiande juristane i Norge.
Johs. Andenæs | |||
| |||
Fødd | 7. september 1912 Innvik | ||
---|---|---|---|
Død | 3. juli 2003 Oslo | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | strafferett | ||
Yrke | dommar, jusprofessor, politikar, universitetslærar, jurist | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo | ||
Barn | Ulf Andenæs, Mads Henry Andenæs | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Andenæs har blitt ståande som ein nestor innan norsk juss, spesielt strafferett, straffeprosess og statsrett var hans fagfelt. Ein periode etter andre verdskrig var han konstituert dommar i Høgesterett. Standardverket innan statsrett, Statsforfatningen i Norge, skreiv han på ein dorull medan han sat på Bredtveit fengsel under andre verdskrig. Eit anna verk av sentral betydning er boka Alminnelig strafferett (1. utgåve 1956), som lenge var pensum ved dei juridiske fakulteta. Han vart i 1943 dr. juris på avhandlinga Straffbar unnlatelse.
Andenæs var ein sentral person under landssvikoppgjeret etter krigen, eit emne han skreiv om i boka Det vanskelige oppgjøret utgitt i 1979. Ifølge Statsborgarlova av 1924 hadde ei norsk kvinne gift med utlending, sitt norske statsborgarskap så lenge ho var busett i Norge. Men i 1946 vedtok Stortinget ei provisorisk anordning som fråtok norske kvinner statsborgarskapet om dei hadde gifta seg med ein tyskar i krigsåra. I odelstingsproposisjon nr 136, føredregen av Jens Chr. Hauge, vert dette grunna med at krigsbrura hadde «opptrådt på en høyst uverdig måte» ved å gifta seg med eit medlem av okkupasjonsmakta. Om dette skrev Andenæs i Verdens Gang same år: «Man utviser ikke landssvikere, ikke tyskertøser og deres barn, bare akkurat denne kategori som har fått sitt forhold legalisert ved ekteskap, og deres barn. Hvis man sier at det å gifte seg med en tysker er et så uverdig forhold for en norsk kvinne at hun bør miste sitt norske statsborgerskap og utvises, må det være like uverdig for en norsk mann å gifte seg med en tysk kvinne.» Faktum var at 28 norske menn hadde gifta seg med tyske kvinner i krigsåra. Desse vart aldri truga med deportasjon.
Andenæs sine skrift vert ofte nytta som referanse av dei prosederande partar, såvel som av domstolane sjølve.
I 1986 vart han utnemnd til kommandør med stjerne av St. Olavs Orden.
Boka Det vanskelige oppgjøret vart kåra til beste sakprosa-utgjeving etter andre verdskrigen i Noreg i emnet krigshistorie i radio-programmet Faktasjekken på NRK P2 15.juli 2017. Røystinga var eit samarbeid mellom Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening og NRK.
Johs. Andenæs var bror av forleggjaren Tønnes Andenæs og Erling Rye Andenæs (motstandsmann under krigen). Dei stammar frå garden Andenes i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane. Far hans, Mads Andenæs (1855-1942) var i seksten år prest i Miner County i Sør-Dakota på slutten av 1800-tallet, deretter var han sokneprest i Innvik prestegjeld. Johs. Andenæs vaks opp på prestegarden i Innvik. Broren Sigurd overtok garden som faren Mads hadde kjøpt i Sør-Dakota.
Johs. Andenæs gifta seg i 1939 med Ida Johanne Andenæs, fødd Røren (19. juni 1913-3. mai 2008). Dei fekk fire barn saman, deriblant jusprofessor Mads Henry Andenæs og Aftenposten-journalist Ulf Andenæs.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Johs. Andenæs, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.