Wiki Nynorsk 2023: Hovudside
NNWiki Tiếng ViệtWiki English

Sandkasse

Nynorsk editions of Wiki, an online encyclopedia

Ein sandkasse er ein låg, vid kasse eller grunn nedsenking i bakken fylt med sand der ungar kan leike. Sandkassar finst ofte på leikeplassar, men i motsetnad til anna utstyr på leikeplassar er dei såpass enkle å byggje at dei òg finst på ein del bustadeigedomar.

Sandkasse
    Viss du vil til sandkassen der du fritt kan eksperimentera med redigering, gå til Wiki: Sandkasse.

Sandkassar stimulerer fantasien og kreativiteten til ungane ved at dei kan byggje små byar eller sandslott, bruke leiker som bilar, bøtter og spadar til å flytte sanden rundt, grave hòl og grave ned ting. På denne måten kan ungane utforske, bygge og øydeleggje ei verd i tre dimensjonar.

Sandkasse har òg fleire analogar i dataverden, t.d. virtuelle verdenar der du kan fritt kan endra på ting utan at det har eit spesielt formål. Eller t.d. Wikipedia sin eigen sandkasse for eksperimentering med redigering.

#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (Study in China) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.
This article uses material from the Wikipedia article Sandkasse, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.