Ei bjølle, av norrønt bjǫllu, ei oblik form av bjalla, er ei lita metallklokke med kolv i.
Når klokka heng fritt, kan kolven slå mot klokka og gi ein ringelyd.
Dombjøller er runde, hole bjøller med kuler inni. Forstavinga dom siktar til at dei gir ein døyvd, i eldre språk dumb, lyd.[treng kjelde]
Ordet bjølle kan også bli brukt om tilsvarande innretningar som gir lette plingelydar.
Bjøller blir hengde rundt halsen på husdyr som går på utmarksbeite slik at dei skal bli lettare å finne att. Dørbjøller ringer når ein opnar ei dør, og i butikkar kan ei bjølle på disken varsle personalet om kundar som ønskjer hjelp.
Dombjøller vert brukte på hestar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Bjølle, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.