I'm O.K.
Babe Singel av Styx frå albumet Cornerstone | ||
B-side | ||
---|---|---|
Utgjeve | September 1979 | |
Innspelt | 1979 | |
Sjanger | Softrock | |
Lengd | 4:01 (singel) 4:25 (album) | |
Selskap | A&M | |
Låtskrivar(ar) | Dennis DeYoung | |
Produsent |
| |
Styx-kronologi | ||
«Renegade» (1979) | Babe | «Why Me» (1980)
|
«Babe» er ein song av det amerikanske rockebandet Styx. Han vart gjeven ut som den første singelen frå albumet Cornerstone i 1979. Det var den første og einaste Styx-singelen som gjekk heilt til topps på den amerikanske singellista, der han låg i to veker i desember 1979. «Babe» nådde òg niandeplassen på Adult Contemporary-lista. Det låg òg seks veker på toppen av den kanadiske singellista i desember 1979 og inn i januar 1980. Det var òg den einaste songen deira som nådde høgt på den britiske singellista, der han nådde sjetteplassen. Songen gjekk òg til topps i Sør-Afrika.
Songen var skriven av Dennis DeYoung som ei gebursdagsgåve til kona Suzanne. Den ferdige songen vart spelt inn som ein demo med berre DeYoung og Styx-medlemmane John Panozzo og Chuck Panozzo.
Songen var opphavleg ikkje meint å vere ein Styx-song, men James «J.Y.» Young og Tommy Shaw overtydde DeYoung om å gje ut songen på Cornerstone. Dei brukte demoinnspelinga til DeYoung og Shaw til ein gitarsolo over den midtre delen av songen. Songen vart så ein stor hit. I 1999 vart «Babenytta i filmen Big Daddy med Adam Sandler, som spelar ein mann som er stor fan av Styx.
Vekeslister
| Årslister
Gjennom tidene
|
Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Canada (Music Canada) | Gull | 75 000^ |
Storbritannia (BPI) | Sølv | 250 000^ |
USA (RIAA) | Gull | 500 000^ |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Babe Singel av Caught in the Act frå albumet Vibe | ||
Utgjeve | 5. september 1997 | |
Innspelt | 1997 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 4:28 (singel) 4:27 (album) | |
Selskap | ZYX | |
Låtskrivar(ar) | Dennis DeYoung | |
---|---|---|
Produsent | Phil Harding, Ian Curnow | |
Caught in the Act-kronologi | ||
«Do It For Love» (1997) | Babe | «Baby Come Back» (1998)
|
I 1997 gav det nederlandske gutebandet Caught in the Act ut ein versjon av «Babe» på albumet sitt Vibe. Denne fekk moderat suksess.
Liste (1997) | Plassering |
---|---|
Den tyske singellista | 35 |
Den austerrikske singellista | 26 |
Den nederlandske singellista | 95 |
Alexander O'Neal spelte inn songen i 2008 på albumet hans, Alex Loves. Den filippinske songaren April Boy Regino spelte inn songen i 2000 på albumet hans Super Idol. Ein annan filippinsk songar som har spelt inn songen er Piolo Pascual for filmen Babe, I Love You frå Filippinane.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Babe av Styx, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.