Astrid Langjord (4.
juni">4. juni 1885–14. desember 1955) var ei norsk bondekone, diktar og organisasjonskvinne frå Vefsn.
Astrid Langjord | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. juni 1885 Vefsn kommune |
Død | |
Yrke | lyrikar, skribent |
Språk | norsk |
Astrid Langjord var fødd på Myrnes ved Fustvatnet. Mora var Berit Danielsdotter, og faren var læraren Olaus Ottesen Myrnes, som døydde då Astrid var fem år gammal. Då flytta mora med fire småjenter heim til Langjorda i Bjørnådalen. Nitten år gammal vart Astrid gift med onkelen Harald Langjord, som kom heim til Bjørnådalen etter å ha vore gullgravar i Amerika.
Utover folkeskulen fekk Astrid Langjord eitt års utdanning på Vefsn folkehøgskule på Halsøy, i 1902, eit fire månaders vevkurs på Statens Industriskule i Kristiania og eitt år ved Voss folkehøgskule, i 1919. Langjord engasjerte seg i mållaget og ungdomslaget, og i 1926–28 var ho formann i nemnda som skulle granske gammal kledebunad i bygdene på Helgeland og utarbeide framlegg til ein nordlandsbunad. I 1949 vart Langjord, som fyrste kvinne, vald inn i styret i Noregs Mållag.
Langjord skreiv dikt og noveller for handskrivne lagsblad og mellom anna for blada Skuld og Unglyden. I 1951 fekk ho gjeve ut diktsamlinga Flyg mine fuglar og i 1956 Ei lita gjente gøymer seg.
I 1984 gav Vefsn kulturstyre ut samlinga Skrifter 1909–1955.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Astrid Langjord, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.