Askim Kommune: Tidlegare kommune i Østfold fylke i Noreg

Askim kommune var ein kommune i Østfold fylke, fram til 1.1.2020.

Kommunen grensa i vest og i nord til Spydeberg, i aust til Trøgstad og Eidsberg og i sør til Skiptvet kommune. Glomma dannar ei naturleg kommunegrense i vest, og fossar har blitt utnytta til kraftproduksjon. Askim har derfor tre store kraftverk innanfor sine grenser (Solbergfoss, Kykkelsrud og Vamma).

Askim kommune
kommune
Askim Kommune: Tidlegare kommune i Østfold fylke i Noreg
Askim Kommune: Tidlegare kommune i Østfold fylke i Noreg
Kommunevåpen
Land Askim Kommune: Tidlegare kommune i Østfold fylke i Noreg Noreg
Fylke Østfold
Adm.senter Askim
Areal 69 km²
 - land 68 km²
 - vatn km²
Målform bokmål
Ordførar Thor Hals (H)
Kommunenr. 0124

Askim kommune
59°35′10″N 11°10′12″E / 59.586111111111°N 11.17°E / 59.586111111111; 11.17
Askim Kommune: Tidlegare kommune i Østfold fylke i Noreg
Wiki Commons: Askim, Norway
Nettstad: www.askim.kommune.no

Administrerande senter i kommunen er tettstaden Askim. Der bur omtrent 90 % av innbyggjarane i kommunen, mens resten bur jamnt fordelt i mindre bygdesentrum ved dei tre kraftverka. Lokalavisa er Smaalenenes Avis, som også dekkjer dei omkringliggjande kommunane.

Næringsliv

Askim Kommune: Tidlegare kommune i Østfold fylke i Noreg 
Glomma ved Solbergfoss kraftverk
Askim Kommune: Tidlegare kommune i Østfold fylke i Noreg 
Åstaden for Slaget ved Langnes skanse i 1814
Askim Kommune: Tidlegare kommune i Østfold fylke i Noreg 
Askim kyrkje

Askim har vore ein særmerkt industrikommune, med Askim Gummivarefabrik som hjørnesteinsbedrift. Den siste delen av gummivarefabrikken, Viking Dekk A/S, avskipa produksjonen av bildekk i 1991. Viktige bransjar i dag er forlag/grafisk produksjon og Glava A/S med framstilling av mineralprodukt. Tettstaden Askim er eit viktig handels- og sørvissenter i indre Østfold. Nærare to femdelar av arealet i kommunen er dyrka mark, der det meste av dette er nytta til dyrking av korn.

Skiping av dei tre kraftverka Solbergfoss, Kykkelsrud og Vamma1900-talet har gitt basis for utviklinga av industrien i Askim. Desse utnyttar fallet til Glomma frå Øyeren til Grønsund. Utbygginga har ført til av alle dei mindre fossane og stryka, med unntak av Vrangsfoss, har kverva bort.

Kommunenamn og -våpen

Namnet Askim er opphavleg eit gardsnamn, sett saman av trenamnet ask og ordet heim. Før rundt år 1400 het bygda Eid. Ordet "Eid" betyr mellom anna landet langs ei elv som ikkje er farbar med båt, slik at folk måtte gå. Gjennom Askim drog folk båtar mellom Øyeren og Glomma nedanfor Vammafossen.

Kommunevåpenet blei godkjent ved kongeleg resolusjon den 1. november 1963. Motivet er på blå botn tre sølv skråbjelkar danna med bølgjesnitt og symboliserer dei tre vasskraftverka Solbergfoss, Kykkelsrud og Vamma.

Venskapskommunar

Frå 1951 har Lyngby-Taarbæk i Danmark, Huddinge i Sverige og Askim vore venskapskommunar. Seinare i 1965 kom Godthåb/Nuuk i Grønland med og i 1965 følgde Island med Seydisfjördur.

Folk frå Askim

  • Mona Hoel (f. 1960), filmskapar

Kjelder

«Askim_-_tidligere_kommune» i Store norske leksikon, snl.no.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Tags:

Eidsberg kommuneGlommaKykkelsrud kraftverkSkiptvet kommuneSolbergfoss kraftverkSpydeberg kommuneTrøgstad kommuneVamma kraftverkØstfold fylke

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

KolonialhandelNynorsk nettleksikonFaryngittElvis PresleyGrand CanyonNorske passasjerar ombord på RMS «Titanic»Jonsereds Fabrikers ABTiulenijPink FloydOblatØstfold fylkeSvake substantivThespiésVerktøyet filTelekommunikasjonSosialdemokratiAlderspensjonFin GnattHaikuRegnskogLufttrykkDet buddhistiske livshjuletHomofiliØrstaRolf WiderøeLinn UllmannRombeClaus JervellVelosipedHønefossHar SedomBrennverdiDen norske språkstridenSør-SudanÅmot i ModumDet britiske imperietHaitiGåsBrusselRagnar LodbrokVassendgutaneEl NiñoPolitiMólos-Ájos KonstandínosMatrjosjkaLeksikonISBNHarry PotterFylkesveg 751GudvangatunnelenFrankrikePeriferien Sentral-HellasIndiaVeneziaOddaVefsnmålOppland fylkeMultiplikasjon24. aprilTanágraTrettiårskrigenHlíðarfjallDaddelOperativsystemMargrethe RøedSaltAstrid LindgrenEto Ne LjubovBodø kommuneMilanoSosialliberalismeIngrid Alexandra av NoregAndalucía🡆 More