Trøgstad kommune er ein tidlegare norsk kommune i Østfold fylke.
Han låg mellom innsjøane Øyeren og Hemnessjøen, og grensa til Spydeberg i vest, Askim i sørvest, Eidsberg i sør, og til tre kommunar i Akershus: i nordvest Enebakk, i nord Fet og Aurskog-Høland i aust. Administrasjonssenter i kommunen var Skjønhaug. 1. januar 2020 blei han del av Indre Østfold kommune.
Trøgstad kommune | |||
kommune | |||
Utsyn over Øyeren og Sandstangen i Trøgstad. | |||
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Østfold | ||
Adm.senter | Skjønhaug | ||
Areal | 204 km² | ||
- land | 188 km² | ||
- vatn | 16 km² | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Svend Saxe Frøshaug (Sp) | ||
Kommunenr. | 0122 | ||
Trøgstad kommune 59°39′05″N 11°20′23″E / 59.651388888889°N 11.339722222222°E | |||
| |||
Wiki Commons: Trøgstad | |||
Nettstad: www.trogstad.kommune.no | |||
Landbruk er vanleg i Trøgstad og kulturlandskap preger mykje av kommunen. Berggrunnen i er samansett av grunnfjellsgneis som er dekt med marine leiravsetjingar i dei vestlege strøka sør og aust for Øyeren. Leirslettene der er tydeleg oppskorne av bekkar og elvar, og området har vore utsett for ras fleire gonger. Det finst òg rikelege lausavsetjingar lenger aust ved Hersætersjøen og Grefslivann. I kommunen elles er det hovudsakleg skogkledde åsar på høgder opp til 332 moh. Ein større endemorene demmer opp Øyeren i sørenden og sender Glomma vestover, der elva dannar Mørkfoss som no er oppdemt i samband med Solbergfoss kraftverk.
Busetnaden er jamt fordelt i jordbruksområda med dei tre tettstadene Skjønhaug, Heiås lenger nord i bygda og Hamnås i søraust, mens det er tynnare busetnad i dei nordaustre skogområda. Folkemengda i kommunen har vakse sia 1970-åra.
Jordbruk er ein viktig næringsveg i Trøgstad, der jordbruksareala er konsentrerte rundt dei vestlege og sentrale områda med dei rikaste lausavsetjingane. I 1999 vart om lag 32 % av det totale arealet i kommunen nytta til jordbruk, og av dette jordbruksarealet vart nesten 4/5 brukt til åker og hage, brorparten av dette til korn og erter. Husdyrhaldet er relativt stort, og Trøgstad er blant dei største kommunane i Østfold når det kjem til hønsehald, storfehald og svinehald. Industrien er heller liten og femner næringsmiddelindustri med kornsilo og mølle, verkstadindustri og trevare- og møbelindustri. Om lag 60 % av dei yrkesaktive hadde i 2001 arbeid utanfor kommunen.
I sommarhalvåret opplever Trøgstad stor gjennomgangstrafikk av bubilar og andre bilturistar.
Kommunevåpenet til Trøgstad vart godkjent i 1979. Det synar på grøn botn ein smieste i sølv og symboliserer handverktradisjonar.
Kommuneblomen til Trøgstad var soldogg.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Trøgstad kommune, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.