Andrzej Stanisław Badeński (10.
mai">10. mai 1943–28. september 2008) var ein polsk sprintar frå Warszawa som i 1966 vart europameister i 4 x 400 m stafett. Individuelt vann han i 1964 OL-bronse og i 1966 EM-sølv på 400 meter.
Andrzej Badeński | |
Statsborgarskap | Polen |
Fødd | 10. mai 1943 Warszawa |
Død | 28. september 2008 (65 år) |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Badeński kom på sjetteplass på 400 meter i sin internasjonale meisterskapsdebut ved EM i friidrett 1962. To år seinare vann han bronsemedaljen på distansen under dei olympiske sommarleikane i Tokyo, nummer seks i 4 × 400 meter stafett med det polske laget. Ved europameisterskapen i Budapest i 1966 tok han sølvmedalje på 400-meteren, bak landsmannen Stanisław Grędziński. Saman med Jan Werner, Edmund Borowski og nemnde Gredziński syrgde han for polsk triumf i 4 x 400 m stafett.
Under Sommar-OL 1968 i Mexico-byen vart Badeński nummer sju på 400 meter og kom på fjerdeplass i 4 × 400 meter stafett. Same plasseringa fekk det polske stafettlaget ved Friidretts-EM i Aten hausten 1969. På spesialdistansen vart Badeński nummer 6. Både i EM i friidrett 1971 og under dei olympiske leikane i 1972 vart han slått ut i semifinalen på 400 meter, men han og Polen vann ein sølvmedalje i Helsinki-EM i 4 x 400 m stafett og enda på femteplassen i München-OL i same øvinga.
Badeński vann 400-meteren ved innandørs-EM 1968 i Madrid og 1971 i Sofia. I tillegg triumferte han med Polens mannskap på den lange stafetten i innandørs-EM 1968, 1969, 1971 og 1972. Badeński var polsk meister på 400 meter i 1962, 1963, 1964, 1965 og 1967. Sitt livs beste 400 meter på 45,42 sekund sprang han i 1968.
I 1974 flytta han til Vest-Tyskland og budde der resten av livet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Andrzej Badeński, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.