Andrew Qappik CM (fødd 25.
februar">25. februar 1964) er ein kanadisk inuittisk biletkunstnar, kjend for grafikk og for å ha utforma våpenskjoldet til Nunavut-territoriet.
Andrew Qappik | |
Statsborgarskap | Canada |
Fødd | 25. februar 1964 (60 år) |
Yrke | grafikar |
Qappik er fødd i Nunataq i Nordvestterritoria, no i Nunavut, og busett i Pangnirtung i Nunavut. Onklane hans Solomon og Imoona Karpik var også kunstnarar, og oppmuntra han til å teikna.
Verka til Qappik viser både dyr og tradisjonell inuittisk kultur, som han har lært om frå eiga erfaring og soger frå bestefedrar og andre slektningar. Nokre av desse slektningane har også verka inn på den kunstnariske stilen til Qappik. Han føretrekk å framstilla realistiske eller naturalistiske scener frå arktisk liv og har ei instinktiv forståing for linjer, form og komposisjon, med bruk av lysare fargetonar med lite negativt rom.
Qappik sine verk blir gjevne ut av Pangnirtung Print Shop, som er del av Uqqurmiut Centre for Arts & Crafts. Verka hans er blitt stilte ut ved fleire museum, mellom anna British Museum, National Gallery of Canada, Winnipeg Art Gallery, Canadian Museum of History og Dennos Museum Center.
Han blei utnemnd til Member of the Order of Canada i 2017 for bidraga sine til utforminga av våpenskjoldet til Nunavut og logoar for Government of Nunavut og Nunavut Tunngavik Incorporated.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Andrew Qappik, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.