Amfetamin er ei væske, ved standard romtemperatur og trykk.
Det vert ofte omdanna til amfetaminsulfat, som er eit fast stoff. Amfetamin er eit av stoffa som kan føreskrivast for å behandle ADHD.[treng kjelde]
Stoffet er eit alkaloid som første gong vart syntetisert i 1887.
Amfetamin frigjev noradrenalin og dopamin i nervevev.
Kortsiktige effektar av bruk kan vera auka konsentrasjon, senka appetitt, auka sexlyst, auka fysisk energi, nedsett hyperaktivitet hos folk med ADHD, auka kroppstemperatur, auka puls og hovudverk.
Langsiktige effektar kan vera rystelsar, endra sovevanar, svekka immunforsvar, impotens, hjarteproblem og fallande nyre/lungefunksjon.
Amfetamin har smeltepunkt 11.3 grader Celsius; kokepunkt 203 grader Celsius, ved 760 mmHg.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Amfetamin, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.