«That's When Your Heartaches Begin»
All Shook Up Singel av Elvis Presley | ||
B-side | ||
---|---|---|
Utgjeve | 22. mars 1957 | |
Innspelt | 12. januar 1957, Radio Recorders, Hollywood, California | |
Sjanger | Rock and roll, rhythm and blues | |
Lengd | 1:57 | |
Selskap | RCA Victor | |
Komponist | Otis Blackwell | |
Tekstforfattar | Elvis Presley | |
Låtskrivar(ar) | Otis Blackwell og Elvis Presley | |
Elvis Presley-kronologi | ||
«Too Much» (1957) | All Shook Up | «(Let Me Be Your) Teddy Bear» (1957)
|
«All Shook Up» er ein song skriven av Otis Blackwell og Elvis Presley og spelt inn av Presley. Singelen nådde toppen av Billboard Hot 100 i USA den 13. april 1957, og låg der i åtte veker. Han toppa òg Billboard R&B-lista i fire veker, den andre singelen til Presley som klarte dette, og nådde tredjeplassen på countrylista. Singelen selde til dobbel platina av RIAA.
Songen vart rangert på 352. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.
I følgje Elvis-biografen Fred Worth skal Blackwell ha skrive songen i kontora til Shalimar Music i 1956 etter at Al Stanton, ein av eigarane av Shalimar, rista på ei flaske Pepsi og føreslo at han skreiv ein song basert på uttrykket «all shook up.»
I følgje Peter Guralnick har songen eit anna opphav. I boka si Last Train To Memphis skreiv han at Elvis meinte «All Shook Up» var eit godt uttrykk for eit refreng. For dette vart Elvis tilskriven som låtskrivar. Dette var siste gongen Elvis vart nedskriven som medlåtskrivar.
Elvis sjølv sa under eit intervju 28. oktober 1957: «Eg har ikkje gong hatt ein idé til ein song. Berre ein gong kanskje. Eg gjekk til sengs ein kveld og hadde litt av ein draum og vakna heilt i frå meg (shook up på engelsk). Eg ringde ein kamerat og fortalte han om det. Om morgonen hadde han ein ny song, 'All Shook Up'.»
Den framtidige Last House on the Left-skodespelaren David Hess, som brukte scenenamnet David Hill, var den første til å spele inn songen. Han gav han ut eit par veker før Elvis på Aladdin Records, kalla «I'm All Shook Up».
Vicki Young spelte inn ein annan song med same tittel, «(I'm) All Shook Up», på Capitol Records med Big Dave and His Orchestra, skriven av Bill Bellman og Hal Blaine i 1956.
Den 12. januar 1957 spelte Presley inn songen i Radio Recorders i Hollywood. Duettvokalen på innspelinga er av førstetenoren i The Jordanaires Gordon Stoker. Det 10. opptaket vart nytta til utgjevinga og i mars gjekk songen inn på Billboard's Top 100-lista 25. plassen. I løpet av tre veker slo han Perry Como sin «Round and Round» ned frå toppen av lista, og vart liggande på toppen i åtte veker. Songen vart òg den første singelen til Presley som gjekk til topps på UK Singles Chart i Storbritannia, der han låg i sju veker. Singelen slde over to millionar eksemplar, og songen vart kåra til årets song på Billboard for 1957.
I følgje biografen Mark Lewisohn i «The Complete Beatles Chronicle» (s. 361), spelte The Beatles (først som The Quarrymen) ofte songen, frå 1957 til 1960 (og kanskje seinare) med Paul McCartney på vokal. Det finst ingen innspelingar av songen frå denne tida. Songen vart spelt inn 13. januar 1969 under den massive Get Back-innspelinga. Innspelinga er ikkje gjeven ut offisielt. I 1999 spelte Paul McCartney inn ein versjon på albumet Run Devil Run.
All Shook Up Singel av Billy Joel frå albumet Honeymoon in Vegas | ||
B-side | «Wear My Ring Around Your Neck», «Surrender» | |
---|---|---|
Utgjeve | 1992 | |
Sjanger | rock | |
Lengd | 2:09 | |
Komponist | Otis Blackwell | |
Tekstforfattar | Elvis Presley | |
Låtskrivar(ar) | Otis Blackwell, Elvis Presley | |
Billy Joel-kronologi | ||
«Shameless» (1991) | All Shook Up | «The River of Dreams» (1993)
|
I 1991 spelte Billy Joel inn songen for filmen Honeymoon in Vegas, der andre artistar spelte andre Elvis Presley-songar. Han vart gjeven ut på singel og nådde 92. plassen i USA og 27. plassen på den britiske singellista.
Lister (1992) | Plassering |
---|---|
Australian Singles Chart | 54 |
Canadian Singles Chart | 28 |
Den franske singellista | 60 |
Tyske Media Control Charts | 52 |
Irish Singles Chart | 23 |
New Zealand Singles Chart | 26 |
UK Singles Chart | 27 |
U.S. Billboard Hot 100 | 92 |
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks | 15 |
Det er laga to omsetjingar av songen på fransk, den eine av Gilles Brown kalla «Je suis cinglé» og spelt av Johnny Farago i 1968, og den andre av Jacques Poterat kalla «Crever d'amour» og spelt inn av Teddy Raye et ses Teddy Boys i 1962. Ein versjon på finsk, omsett av Juice Leskinen kalla «Järkytyin» vart septl inn av Eero ja Jussi i 1980. Wigbert skreiv ein nederlandsk tekst på songen, kalla «Wakker geschud», som han spelte inn i august 1992. Denne versjonen vart òg spelt inn av The Wigs May i 2003 og Wim Leys & @Fundum i 2008.
362: «Tears in Heaven» Eric Clapton | Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 361 «All Shook Up» Elvis Presley | 360: «The Great Pretender» The Platters |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article All Shook Up, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.