Aleksej Feofilaktovitsj Pisemskij (russisk: Алексей Феофилактович Писемский), (23.
mars">23. mars 1821–2. februar 1881) var ein russisk forfattar og dramatikar. I samtida vart han rekna for å vere like stor forfattar som Ivan Turgenjev og Fjodor Dostojevskij. 1900-talets litteraturhistorikarar rekna han derimot ikkje som ein av dei aller største russiske forfattarane.
Aleksej Pisemskij | |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet |
Fødd | 11. mars 1821 Tsjukhlomskoj ujezd |
Død | 21. januar 1881 (59 år) |
Yrke | skodespelforfattar, romanforfattar, skribent |
Språk | russisk |
Aleksej Pisemskij på Commons |
Pisemskij var fødd i provinsen Kostroma. Etter universitetsstudiar i Moskva var han 1844-72 tenestemann i det offentlege, fyrst på heimlege trakter, sidan i St. Petersburg og Moskva. Han debuterte som forfattar i 1858 med romanen Bojarsjtsjina, ei bok som vart forboden grunna den vanvyrdige skildringa av den russiske adelen. Hans viktigaste romanar er Tusen sjeler (1858) som skildrar landsbylivet frå ulike sider, og I Malstrømmen (1863), som vekte stor merksemd på grunn av det politiske innhaldet og den personlege framstillinga.
Mellom Pisemskijs dramatiske verk er tragedien Ein bitter lagnad frå 1859 det mest kjende. Dramaet skildrar dei mørke sidene hos den russiske allmugen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Aleksej Pisemskij, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.