Ilja Repin

Iljá Jefimovitsj Répin (5.

august 1844–29. september 1930) var ein russisk kunstmålar og bilethoggar, medlem av Peredvizjnikij-gruppa. Hans realistiske verk uttrykte ofte stor psykologisk djupne og viste fram motsetnadene i den eksisterande samfunnsordninga. Frå slutten av 1920-talet vart det etablert ein Répin-kult i Sovjetunionen, og Répin vart i 1930-åra framhalden som ein modell for sosialrealistiske målar i Sovjetunionen.

Ilja Repin
Ilja Repin
Sjølvportrett, 1878
Verkeleg namn Илья́ Ефи́мович Ре́пин, Iljá Jefimovitsj Répin
Statsborgarskap Det russiske imperiet, statslaus
Fødd 24. juli 1844
Tsjuhujiv
Død

29. september 1930 (86 år)
Repino

Yrke kunstmålar, bilethoggar, essayist, grafikar, lærar
Sjanger historiemåleri, portrett, sjangermåleri
Medlem av Serbias vitenskaps- og kunstakademi
Mor Tatjana Repina
Ektefelle Vera Aleksejevna Repina, Natalia Nordman
Born Jurij Repin
Signatur
Ilja Repin på Commons

Yngre år

Répin kom til verda i landsbyen Tsugujev, nær Kharkov i dagens Ukraina. Foreldra var russiske, faren var tidlegare offiser av gammal kosakkætt. Répin byrja si kunst-verksemd med å assistere ein helgenmålar i hans arbeid. Han reiste i 1866 til St. Petersburg, for å utdanne seg ved byens kunstakademi. For måleriet Jairis dotter fekk han i 1872 tildelt eit reisestipend. Samstundes vart han del av Peredvizjnikij-rørsla. Før han la ut på utlandsreisa fullførte han i 1873 biletet Pramdragarar ved Volga. Måleriet viser ein flokk i fille-kledde menn, gamle og unge, utslitne og sløve, som ein heit sommardag dreg ein båt opp langs floda.

Ilja Repin
Pramdragarar ved Volga, 1870-73

I perioden 1873 til 1876 budde Repin, på stipend frå kunstakademiet, i Italia og Frankrike. I Paris vart han påverka av dei franske impresjonisme, noko som seinare viser att i hans bruk av lys og farge i måleria. Sjølv vart han likevel ikkje impresjonist. Bileta hans vakte ikkje merksemd i Paris. Dette var medverkande til at han innan stipendtida var over, søkte om å få vende tilbake til Russland.

Midtpunkt

Ilja Repin
Svar frå zaporozji-kosakkane til sultan Muhammed IV, 1880-91

I heimlandet måla han i dei komande åra ei rekke samtidsskildringar som vart lagt merke til. Rekruttens avskjed (1880), Den døyande soldatens heimkomst (1883) og Kyrkjeleg prosesjon (med ein politimann til hest, som ved å slå omkring seg i folkemassen med ein knutpisk, ryddar veg for prestane, også 1883) var mellom desse. På same viset var det med Tilbakekomst frå Sibir (1884).

Uvanleg merksemd vakte den skrekkinngytande skildringa Ivan den skrekkelege myrdar sonen sin (1885). Deretter, i 1888, følgde Den heilage Nikolaus hindrar ei avretting. Med brei og robust humor skildrar Repin korleis zaporozje-kosakkar avfattar eitt grovt svar på eit skriv frå den ottomanske sultanen, Muhammed IV. Repin stilte seg med desse og andre verk i spissen for den unge kunstretninga som streva med å forme ein realistisk måte å framstille folkelivet og det nasjonalt lynnet på.

Ilja Repin
Portrett av Leo Tolstoj, 1887

Sjølv om Repin var professor ved kunstakademiet, representerte han opposisjon mot skjønnmåling og formalisme. Han vart hovding for dei unge og kunstlivets midtpunkt. Framleis måla han friske folkelivsbilete, m. a. Kveld i Kviterussland (ei kvinne dansar i ei stove, full av bønder og spelemenn), og han utførte teikningar til litterære arbeid av Gogol, Tolstoj m. fl. Attåt dette laga han mange karakterfulle og levande portrett av berømte personar; Aleksej Pisemskij, Vsevolod Garsjin, Vladimir Stasov, Liszt, Rubinstein og særleg Tolstoj (mange ulike, mellom dei Tolstoj ved plogen).

Seinare år

På 1890-talet braut nye retningar og nye krefter inn i det russiske måleriet, i byrjinga av det nye hundreåret vart desse følgd av atter nye. Interessa for Repins realisme falma mot desse, og sjølv hamna han på sidelinja i offentlegheita. Dei seinare åra budde han mest på sin villa ved Kuokkala ved Finskebukta. Mellom hans verk frå dei siste åra merkar Den store hovdingen (Peter den store til hest med troppane som bakgrunn, 1910) og Riksrådet samla til markering (stort representasjonsbilete, 1911) seg ut.

Ilja Repin
Riksrådet samla til markering, 1911

Gjennom livet måla Repin oftast kvardags-menneske, gjerne bønder og folk frå små kår, sjølv om han på slutten av si karriere også måla medlemmer av det russiske aristokratiet, der i mellom tsar Nikolaj II.

Ymse

Repin er representert i Aleksander III-museet i St. Petersburg (kosakkmåleriet, Tolstoj m. m.) og framfor alt i Tretjakovgalleriet i Moskva. Repin gav ut sine livsminne i 1901.

Répin teikna sitt eige hus, som vart bygt i eit område nord for St. Petersburg. Etter oktoberrevolusjonen i 1917 kom området inn under den nye, sjølvstendige staten Finland. Lenin bad han flytte tilbake til Russland, noko Répin svara nei til. Répin sa han var for gammal til ei slik reise. Han døydde i Kuokkala i Finland i 1930. Etter 1944 tilfall området Sovjetunionen, og småbyen Kuokkala fekk i 1948 namnet Repino, til minne om Répin. Byen ligg no i Leningrad oblast.

Kjelder

Tags:

Ilja Repin Yngre årIlja Repin MidtpunktIlja Repin Seinare årIlja Repin YmseIlja Repin KjelderIlja Repin1844193029. september5. augustPeredvizjnikijRusslandSovjetunionen

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Amitav GhoshProfessor emeritusKaspihavetAlanis MorissetteCand.scient.ActinoidFinnmark fylkeKristiansund BallklubbKopplamLena Meyer-LandrutKomaHartmanns operasjonBossa novaAustraliaSilkehønsBBC PrimeOpus DeiTerry CallierAndreas RombergAbdullah II av JordanKuppHenrik II av EnglandIf I Were SorryEinar FørdeROBEKEdvard VII av StorbritanniaStorbritanniaEtiopiaVarmekapasitetHeimedatamaskinMonogamiJennifer AnistonTjeldRogaland fylkeAzerspace-1/Africasat-1aHavmus...To Be ContinuedVibeke SkofterudRowan AtkinsonEddiksyreCethlennRapsoljeDagleg leiarRebbie JacksonDuane AllmanRumpetrollJantelovenTysklandWatch My DanceBjørkefinkOdinMidsommarBokmålSabbatRådyrKjærleikMaria I av EnglandSimpelt fleirtalIvar AndenæsKristopher SchauVM i alpine greiner 2019Enrico CarusoBlind FaithDadaismeVevdesignRubina RanaSverigeMats SundinEiffeltårnetSamvirkelagSax-a-boomTamilsk nyttårLockheed U-2KyprosMorten SandøySpesifikk varmekapasitetUrokse🡆 More