Affordable Space Adventures er eit hjernetrim-eventyrspel utvikla og utgjeve av NapNok Games, i samarbeid med Nifflas.
Affordable Space Adventures | |||
Utviklar(ar) | NapNok Games | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | NapNok Games | ||
Distributør | Nintendo eShop | ||
Spelmotor | Unity | ||
Plattform(er) | Wii U | ||
Utgjeving | 9. april 2015 | ||
Sjanger | Hjernetrim, eventyr | ||
Spelemodus | Einspelar, fleirspelar | ||
Nettstad | http://affordablespaceadventures.com/ |
Spelet var utgjeve til Wii U gjennom tenesta Nintendo eShop den 9. april 2015. Spelaren skal kontrollere og manøvrere eit romskip gjennom ulike miljø ved bruk av peikeskjermen Wii U Gamepad. Opp til to fleire spelarar kan ta del i spelet ved å bruke Wii Remote, der dei kan ta kontroll over rørsla eller skannefunksjonane til romskipet.
Affordable Space Adventures fekk ei oppdatering 12. november 2015, som la til ekstra innhald.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Affordable Space Adventures, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.